PÅ FJELLET: Johanne Hagelin og venninna nyt ein lustrabolle på toppen.
PÅ FJELLET: Johanne Hagelin og venninna nyt ein lustrabolle på toppen. (Foto: Johanne Hagelin)

VEKAS FOTO

Velfortent lustrabolle på Børestein

Vekas foto er teke av Johanne Hagelin.

Luster: Johanne Hagelin (24) frå Sogndal studerer og bur i Bergen, men er alltid like glad i Sogn og fjellturar på heimstaden. 

– Eg studerer ein dobbelgrad i Økonomisk Styring og CEMS International Management ved Norges Handelshøyskole.

Og for tida har ho sommarjobb i DNB.

– Det blei ein god nummer to ettersom Gründerskolen med studier og internship i San Francisco blei avlyst grunna korona. 

Trivst i byen 

Hagelin legg til at Bergen er ein by ho trivst godt i. 

– Ingen by er like fin i sola, og ingen blir meir glade for sol enn bergensarar. Dei få soldagane i byen er verdt det, og i tillegg er ikkje byfjella så verst heller. 

Men er det ein ting ho kanskje likar endå betre, så er det å gå på fjellet i Sogn. 

BØRESTEIN: – Farleg fin utsikt, seier Hagelin om Børestein i Luster. Foto: Johanne Hagelin

– Det beste med Sogn er jo naturen og folkeslaget. Eg går i fjellet for friheitskjensla og utsikten, enkelt og greitt. 

Fjellfavorittar 

– Kva er dine topp 5 fjellfavorittar? 

– Det er Molden, Børestein, Stedjeåsen, Stoltzen, og Storehaugen. 

– Og i tillegg er topp 5 på fjellet ein lustrabolle, Solo Super, Gopro, myggspray, og tensoplast. Då er eg klar for alt, legg ho til. 

Til toppen