TØFF LIGA: Preben Strypet og Årdal kjempar om å halde seg i tredjedivisjon. Slik trenden har vorte er det ikkje berre på bana poenga blir avgjort. Foto: arkiv.
TØFF LIGA: Preben Strypet og Årdal kjempar om å halde seg i tredjedivisjon. Slik trenden har vorte er det ikkje berre på bana poenga blir avgjort. Foto: arkiv.

Velkomen til protestligaen: – Det ser ut til at laga har byrja å få panikk

Tredjedivisjon tetnar til og protestane kjem tettare enn hagl. – Det er kanskje no du får sjå kor djupt Fair Play stikk i enkelte klubbar, seier årdaltrenar Ivan Øy.

Årdal: Berre dei siste to vekene har det kome tre protestar etter kampar i Årdal si avdeling av tredjedivisjon. Enkelte har vore av det kuriøse slaget.

TRIST UTVIKLING: Lokalfotballkjennar, Espen Bråthen, liker ikkje at kynismen verkar å bre om seg i avdelinga.
TRIST UTVIKLING: Lokalfotballkjennar, Espen Bråthen, liker ikkje at kynismen verkar å bre om seg i avdelinga.

– Det viser at kynisme har blitt viktigare enn Fair Play i denne divisjonen. Det handlar om å sikre tre poeng, koste kva det koste vil. Det er ei trist utvikling, seier Espen Bråthen, som kjenner lokalfotballen på Austlandet betre enn dei fleste.

Han får støtte av årdaltrenar Ivan Øy, som har merka den same tendensen.

– Det ser ut til at laga har byrja å få panikk. Det er tett på tabellen og alt kan skje. Då er det kanskje lett å ty til ting som protestar, seier han. 

Les også: No startar haustdramaet i tredjedivisjon. «Alle» kan rykke ned

Tre protestar på to veker

For to veker sidan tapte Hauerseter 1-4, men vart likevel sittande att med alle tre poenga. Motstandarane hadde brukt ein mann som ikkje hadde rett til å spele og den påfølgjande protesten nådde fram.

Laget ligg no to poeng framfor Årdal og dei tre poenga kan bli avgjerande i kampen om å få bli i divisjonen.

I helga kom det to nye protestar. Først meinte Funnefoss/Vormsund at ein spelar på Lillestrøm burde ha fått gult kort, sitt andre for dagen, fordi han brukte ein ring under kampen. Laget trakk seinare protesten.

Same helg fekk ein spelar på Hallingdal sitt andre gule kort, men det tok ti minutt før dommaren oppdaga dette og gav det raude. Valdres protesterte og får truleg medhald i at kampen bør spelast på nytt.

Eksempla varierer i grad av kynisme, men lokalfotballkjennar Espen Bråthen liker uansett ikkje det han ser.

– Det er ikkje på kretskontoret at serien skal bli avgjort. Det blir heilt feil, seier han.

ØNSKJER FAIR PLAY: Årdaltrenar Ivan Øy håper det er ute på banene at serien skal bli avgjort.
ØNSKJER FAIR PLAY: Årdaltrenar Ivan Øy håper det er ute på banene at serien skal bli avgjort.

Hard kamp om plassane

Både Bråthen og Øy forklarer den veksande kynismen med endringa i seriesystemet. Etter sesongen er det kun dei fire-fem beste som blir ståande att, resten rykkjer ned. Det gjer at fleire lag enn nokon gong kjempar for livet.

Likevel liker dei dårleg at enkelte lag verkar å strekkje regelstrikken i lengste laget i håp om å oppnå ein fordel.

– Det er synd for fotballen. Det er kanskje no du får sjå kor djupt Fair Play stikk i enkelte klubbar, seier Ivan Øy.

Han meiner ringprotesten er eit døme på kor lågt det går an å synke. Samstundes gir han ros for at fornufta trass alt vann fram til slutt.

– Det ville vore ein kjempefadese viss slik ting hadde blitt avgjerande. Det ville blitt århundrets historie. Men heldigvis, når dei hadde fått tenkt seg om, så trakk dei protesten.

– Kanskje det viser at Fair Play trass alt framleis sit i ryggmargen, når adrenalinet har fått roa seg?

– Nettopp. Eg håpar i allefall det i hovudsak er ute på banene me skal få avgjort dette, seier Øy.

Til toppen