Velkommen til nye Porten.no

Velkommen til nye Porten.no

Så var dagen endeleg her. Du sit no og ser på dei nye nettsidene til Porten.no.

Torsdag ettermiddag, nærare bestemt 17.30, skjedde det. Porten.no la frå seg dei slitte kleda og drog på seg ein flott bunad av ei nettside.

I tre månadar sidan Årdalsnett kjøpte Porten.no har det blitt jobba iherdig saman med Newsfront for å få sida klar i laupet av hausten. 

Resultatet er me veldig stolte av, og me håpar at også du set pris på dei nye nettsidene til Porten.no.

Ein må rekna med nokre barnesjukdommar, men me håpar me har unngått dei fleste. 

Det har skjedd store forandringar. Ny logo, nytt design på framsida og ein ny utsjånad på artiklane. Alt for å bidra til at Porten.no blir din viktigaste informasjonskanal.

Enkelte funksjonar har me fjerna, medan andre ting er blitt lagt til. 

Bli med på ein rundtur på nye Porten.no.

Det første som møter deg er ein heilt ny meny. Under «Meny» finn du ulike seksjonar, frå nyhende, sport og kultur, til forbukar og meiningar. Spesielt den siste seksjonen ønskjer me å blåsa liv i med mange gode lesarinnlegg og meiningar om både dei små og store tinga. 

Send oss dine meiningar og tankar på tips@porten.no og merk e-posten med lesarinnlegg.

Dessutan tilbyr me tabellar over dei ulike divisjonane som laga i kommunane konkurrerer i. Til alle Jotun-fans: Ein tabell frå 2. divisjon, avdeling 4 er på veg.

I «Teneste»-menyen finn du først og fremst enkelt fram til kor du skal gå dersom du vil setja inn annonse eller tipsa oss om saker. Ved å klikka på «Teneste» får du opp fleire val.

Det som kanskje skil seg mest ut er dødsannonsane. Porten.no handlar om å retta seg mot framtida, og me trur dødsannonsar vil bli meir og meir vanleg på nett framover. Meir om dette HER.

Porten.no ønskjer også å retta seg mot sosiale medium, og eit av dei mest brukte media er Instagram. Porten.no har sjølvsagt eigen brukar ved namn @NettavisaPorten. Der legg me ut bilete av aktuelle ting som skjer, har konkurransar og gir deg informasjonen du vil ha.

Me ønskjer også at du skal nytta deg av #mittporten for å dela dine bilete med oss og andre lesarar. Har du vore på ein liten trimtur? Merk biletet ditt med #mittporten. Er du i selskap? Merk biletet ditt med #mittporten. Har du teke eit fantastisk naturbilete? Merk biletet ditt med #mittporten.

Her finn ein også lenker inn til Instagram-brukaren vår, Twitter-brukaren vår og Facebook-brukaren, der samtlege blir aktivt brukt.

Kva er vel ei nettavis utan biletgalleri? Porten.no kan ikkje vera verre enn noko andre og har difor designa eit meget lekkert biletgalleri. Der legg me ut bilete av aktuelle hendingar.

Dessutan kan ein når som helst sjekka vêret nøyaktig der du er. Vêr-tenesta vår baserer seg på alle aktuelle område i Årdal og Lærdal.

Ikkje gløym TV-guiden. Når du har lese gjennom alle sakene våre på framsida, kjem du ned i botnen, og der finn du ein TV-guide, som sjølvsagt er på nynorsk.

Sidan Porten.no er ei nynorskavis, tilbyr me også andre nyhende på nynorsk via Framtida.no.

Utsjånaden på artiklane har også endra seg veldig. Du kan enkelt dela sakene våre ved å klikka på ikonet for Twitter eller Facebook. 

Dessutan vil me kunne ha biletgalleri øvst i sakene våre, du kan enkelt klikka deg vidare på relevante saker og du får oversikt over dei sakene som er sist publisert.

Ein annan viktig ting er at me no har kommentarfelt på samtlege av sakene våre. Me oppmodar folk til å seia si meining, men hald det på eit sakleg nivå. Kommenteringa skjer gjennom Facebook slik at det ikkje er mogleg å kommentere under eit alias.

Elles har annonsene våre fått heilt nytt format. No følger me standard annonseformat, dette for å gjera annonsene meir synleg. 

Me håpar de set pris på dei nye sidene til Porten.no, og me kan avsløra allereie no at me er godt i gang med planleggjinga av neste fase, der det kjem fleire spennande element inn.

Ris eller ros? Gje oss di tilbakemelding i kommentarfeltet under.

Til toppen