FAMILIEDAG: Familiedagen på Kaupanger blei vellukka.
FAMILIEDAG: Familiedagen på Kaupanger blei vellukka. (Foto: Anna Avdem)

Vellukka familiedag på museet på Kaupanger

På sundag var det tid for den årlege familiedagen på Dei Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum

Kaupanger: – No har me hatt denne dagen i nær 30 år, seier Aud Ross Solberg, avdelingsdirektør ved museet Sogn og Fjordane. 

Den fyrste halvdelen av september samlar folk frå heile Sogn seg på museet på Kaupanger, og får både sjå, gjera og oppleva. 

– Dette er ein dag som fyrst og fremst er laga for folk i Sogn, og dei som er lokale. Me har aktivitetar for både små og store gjennom heile dagen, fortel Solberg. 

Eventyr, sagn og overtru

Denne gongen var temaet "eventyr, sagn og overtru". 

FAMILIEDAG: Nesten 600 besøkande var med på familiedag. Foto: Anna Avdem

– Då hadde me mange aktivitetar som gjekk på tema. Blant anna var det eventyrfortelling i ei gammal stove, og ein eventyrskog der folk fekk med seg eit skjema med spørsmål dei skulle svara på ute i skogen, seier Solberg.

I tillegg fekk ungane velja om dei ville laga troll eller båt på verkstaden.

– Nytt i år var at dei kunne laga troll, men likevel ville dei fleste ungane laga båt slik som dei alltid har gjort. 

Ellers var det utstilling med motiv frå eventyr, og andre kjekke aktivitetar der ungane fekk utfolda kreativiteten sin. 

– Dei fekk òg mata dyr, noko som alltid er populært. Og så fekk dei prøva hest og kjerre, og nokre valde å baka flatbrød, seier Solberg. 

Vellukka sundag 

Med godt vêr og mange besøkjande denne sundangen, blei det eit vellukka arrangement for arrangørane på museet.

– Me telde cirka 560 folk innom, og me er nøgde med det talet. 

Tilbakemeldingane var det heller ingenting å seia på. 

– Me opplevde at folk var her heile dagen når dei fyrst kom. Det var sal av betasuppe og hellekaker i kafeen, så mange tok middagen her òg. Det var nok å ta seg til, og folk var nøgde, avsluttar Solberg. 

Til toppen