NÆRBILETE:  Lasse Aannevik var kun to-tre meter i frå då han fekk foreviga den flotte rypa.
NÆRBILETE: Lasse Aannevik var kun to-tre meter i frå då han fekk foreviga den flotte rypa. (Foto: Lasse Aannevik)

VEKAS FOTO

Vellukka fotojakt ga dette blinkskotet

Vekas foto er teke av Lasse Aannevik.

Jotunheimen: Det var ikkje tradisjonell rypejakt Lasse Aannevik var på då han tok dette blinkskotet. Å jakta på fugl med hagla har han aldri gjort og siden rypebestanden er så liten appellerer det ikkje særleg heller. Difor held han tilbake kor motivet er fanga.

– Det er hemmlegstempla, seier han og ler.

– Eg har ein kompis som går mykje i området og han har funne ein stad med mykje fugl. Og der synest me at dei skal få vera i fred, seier Aannevik.

Han synest det er mykje meir spanande å fotografera fuglen enn å skyta etter den.

– Me får tilbringa mykje tid med dei og det er fantastisk, seier hobbyfotografen.

På nært hald

Aannevik og ein kompis hadde gått i mellom ni og ti timar dagen dette biletet blei teke. Hovudutfordringa er å koma nær nok og frå riktig vinkel. 

– Kva bakgrunnen på biletet blir veit ein for eksempel ikkje. Me møtte mange ryper den dagen, men dei fleste var veldig sky, seier Aannevik.

– Kor mange timar ligg det bak eit slik bilete?

– Ein brukar ikkje naudsynt så mange timar på å få teke biletet, men det ligg mange timer med erfaring bak. Ein må vita kva ein held på med, svarer han.

Då denne grå og kvite fuglen blei foreviga anslår Aannevik at han var cirka 2,5 til 3 meter i frå.

– Då stoppa me. Me ville ikkje skremma ho opp.

– Må ein gå med kameraet på seg heile tida?

– På ein slik type tur som dette må ein gjera det. Eg gjekk rundt med speglreflekskamera med stort objektiv cirka 70 prosent på denne turen. Kameraet veg vel ein fem-seks kilo, så ein kjenner det fort i hender og skuldre, men ein skal vera klar når dyra dukker opp altså, fortel Aannevik.

Til toppen