Vellukka haustfest for 4H i Lærdal

Svært kreativt arbeid og knallgod underhaldning er overskrifta som Audhumla 4H gav publikum i ungdomshuset på Borgund laurdag ettermiddag.

Kvelden starta med 4H-løftet – «vi lover å arbeide mot eit mål å bli ein ungdom med klart Hovud, varmt Hjerte , flinke Hender og god Helse», der dei fire H – ane står for Hovud , Hjarte, Hender, og Helse.

Vidare på programmet fekk me blant anna høyre Jens Henrik Hegg spela fine musikkstykke på fela si, mykje fin song og mangen sketsjar, der den eine sketsjen var om laksefiske i elva, og det beit på ein stor sverdfisk. 

Satsingsområde for 4H i 2014 er: frå jord til bord – og poteta var eit hovudtema i fleire av sketsjane og var sentral på publikumsleikane og potetskrellinga.

Sjå fleire bilete frå kvelden øvst i artikkelen.

Audhumla 4H på Borgund vil feire 20-årsjubileum i 2015. I nesten alle desse åra har Anna Nedrehegg vore ein sentral person, og i år var hennar 18. år som klubbrådgjevar. Klubbrådgjevarane er vaksne som støttar styret og drar i trådane.

– Eg får energi av å vera ilag med dei unge, og det er veldig kjekt, seier Anna som er på farten opp på scena og dela ut diplom og merke. 

4H har eit eige merkesystem der kvart prosjekt vert vurdert med omsyn til praktisk arbeid, skriftleg arbeid, formidling frå prosjektet og utstilling. For kvart merke er kravet at ein har fått godkjent 4H-prosjektet og har delteke i klubbarbeidet. 

Kravet er 50 prosent frammøte på klubben sine aktivitetar. Den høgste utmerkelsen ein kan få er 4H-planketten. 

Rundt den fullsatte salen i ungdomshuset på Borgund denne laurdagsettermiddagen var det satt opp mange flotte prosjekt langs veggane. Her var det aspirantprosjekt på første og andre året og senior-prosjekt. Porten.no tok ein prat med tre av dei som hadde jobba med oppgåvene sine.

– Det er kjempegøy å drive med, og eg vil fortsetta å vera med i 4H. Det er litt hektisk dei siste to vekene for å få alt klart, seier Pia Berg Nemeth og viser stolt fram prosjektet sitt, som er om cøliaki, og som det blant anna var brød og småkjeks som smaksprøver på.

Pia fekk sjølv påvist cøliaki for eit par år sidan, og då tykte ho det var eit bra tema å laga prosjekt om.

Jens Henrik Hegglaga prosjekt om foto og laga ei fotobok.

Dette er ein kar med mange jern i elden: i boka ser me bilete frå ulike aktivitetar han har vore med på som rulleskiskyting i Markane saman med Tarjei og Johannes Thingnes Bøe. Jens Henrik er Noregs beste i skifeltskyting.

Miniatyrskyting har han dreve med i om lag fire år, og han ligg i toppskiktet på resultatlistene.

Ei godt talet for felespeling hadde unge Jens Henrik òg, noko han fekk han vist fram på møtet.

– Prosjektet mitt er «På Garden». Eg valde dette temaet fordi eg tykkjer det er gøy å vera med far og køyra traktor og vera med i fjøsen, seier Tore Skårheim.

– Dette er andre året mitt som aspirant, og dette er kjempegøy, seier han og visar bilder av gulrotproduksjonen sin – der han fekk ei heil kasse som han er stolt av.

Kvelden vart avslutta med gode kaker og kaffi og loddkjøp, der ein kunne vinna fine gevinstar som 4H hadde fått frå lokale bedrifter i bygda.

Til toppen