AGILITY: Det var mange flotte og dyktige hundar med eigarar som var med på agilitystevne på Årdalstangen.
AGILITY: Det var mange flotte og dyktige hundar med eigarar som var med på agilitystevne på Årdalstangen. (Foto: Lars Gunnar Røneid)

Vellukka hundestevne i Årdal: – Det har gått knirkefritt! - Sjå bildegalleri

Denne helga har hundar frå heile landet konkurrert i Årdal.

Årdal: – Dette har gått heilt strålande. Det er heilt rått, eg har eigentleg ikkje ord, seier stevneleiar Ingrid Nordbye-Antonsen.

Frå fredag til søndag var det hundestevne på Årdalstangen. 

– Folk har kome frå heile landet, til og med Sverige. Det tykkjer me er veldig stas. Dei har nok vore innom fleire stevne på vegen men at dei velger den lange reisevegen hit tykkjer me er kjekt, seier Nordbye-Antonsen.

Over 800 løp

På fredag starta dei med uoffisielle løp før det blei offisielle løp og finale på laurdag.

– Vanskelegheitsgraden er inndelt i klasse 1, klasse 2, og klasse 3 der den siste er tøffast. Alle startar i klasse 1 og kvalifiserar seg gjennom stevne og palleplass. På stevne kan dei kvalifisera seg til neste nivå. 

NØGD: Stevneleiar Ingrid Nordbye-Antonsen er nøgd etter helgas stevne. Foto: Privat

Hundane kan delta på fleire løp i tillegg til at stevnet er inndelt i to ulike greiner: hopp og agility. 

– Same hunden kan gå både hopp og agility. Til saman frå fredag til søndag har det vore 804 løp, noko me er veldig nøgde med. 

Nøgde deltakarar og arrangørar

Det er ikkje berre Årdal Hundeklubb og arrangørane som er nøgde med helga.

– Me har fått utelukkande positive tilbakemeldingar. Dei skryt av fasilitetane, naturen, og området. Me set så stor pris på at me får bruka stadion, i tillegg til alle som har bidrege og hjelpt oss gjennom helga. 

Ynskjer endå fleire lokale blant publikum 

Til neste år er det einaste Nordbye-Antonsen ynskjer seg litt betre oppmøte blant publikum.

– Det var veldig flott at folk kom og såg på, nokre såg på i fleire timar, men me ynskjer gjerne at endå fleire lokale kjem neste gong. Det har nemleg så mykje å seia for deltakarane.

Likevel er ho svært takksam for all hjelp og bidrag denne helga. 

– Alle som har stilt opp har gjort ein super jobb, og arrangørkomiteen i hundeklubben har gjort min jobb som stevneleiar veldig grei. Det har gått knirkefritt gjennom helga, og det seier deltakarane òg. Det varmar veldig i hjarta, seier Nordbye-Antonsen.

Til toppen