STEMNE: Laurdag deltok 20 stykk på jegertrap leirdueskyting stemne. 
STEMNE: Laurdag deltok 20 stykk på jegertrap leirdueskyting stemne. 

Vellukka jegertrap-stemne

Laurdag blei det arrangert jegertrap stemne på Mjøen. Det var ein spennande omskyting for å kåre stemnevinnaren.

Årdal: Totalt var det 20 stykk som deltok på jegertrap leirdueskyting stemne på Mjøen laurdag. Desse kom frå Årdal, Luster, Leikanger og Askvoll.

Skyttarane skaut 50 skot kvar.

- Det var ein vellukka dag med veldig bra skyting, seier Kristian Natvik.

Det måtte omskyting til for å kåre ein stemnevinnar, då det var to skyttarar som skaut fullt hus. Finalen stod mellom Eirik Leknes frå Askvoll j.f.l i klasse A og Lars Erik Espe frå Luster j.f.l i klasse B. Det var Leknes som vann finalen med 9/10 treff, og i tillegg blei han vinnaren i klasse A.

Årdølene skaut også bra under stemnet. Fredrik Vee skaut 25 treff i første og 22 treff i andre og enda då opp med 47/50. Julian Moen kom like bak Vee med 45/50. 

Vinnarane i jegertrap leirdueskyting stemne blei:

Eirik Leknes – Klasse A

Lars Erik Espe – Klasse B

Fredrik Vee – Klasse C

Ole Martin Rørvik – Klasse D1

Henning Kjærvik – Klasse D2

Per Gunnestad – Klasse E2

Blei arrangert duell

Då stemnet var ferdig, så blei det arrangert duell. Det var totalt 4 lag med 5 stykk per lag som deltok.

- Etter kvart som ein bommar går ein ut. Slik forsette me til det berre står igjen 1 person på kvart lag. Desse går då vidare til finale, fortel Natvik.

Det var Martin Kjosaas Leknes som stakk av med sigeren i duellen. Julian Moen fekk andre plassen, medan Eirik Leknes fekk tredje plassen

Artikkelen held fram under biletet

VINNARAR: Julian Moen, Martin Kjosaas Leknes og Eirik Leknes var dei tre som skaut best i duellen. 
VINNARAR: Julian Moen, Martin Kjosaas Leknes og Eirik Leknes var dei tre som skaut best i duellen. 

Premiering

Alle vinnarane i jegertrap leirdueskyting stemnet fekk premie. Eirik Leknes fekk også eit fiskestangsett frå Årdal jeger og fiskeforeining som premie for at han blei stemnevinnar.

- Det var også premiar for vinnarane i duellen. Dei premiane har me fått sponsa.

Vinnaren av duellen, Martin Kjosaas Leknes, fekk Bosh drill frå byggeriet Sortland. Julian Moen fekk fenalår frå Rema 1000 for sin andre plass og Eirik Leknes fekk diverse vaskeutstyr frå Mekonomen for sin tredje plass.

Natvik fortel at Martin Kjosaas Leknes også fekk eit gåvekort frå Klingenberg hotell. Dette blei trekt ut frå nummer på samanlagt lista og då var det nettopp Kjosaas Leknes som blei den heldige vinnaren.

- Eg vil takke for alle desse flotte premiane som me har fått sponsa, avsluttar Natvik.  

Til toppen