VELLUKKA: Knøtteturneringa i Lærdal vart eit vellukka arrangement, meinte både arrangørar og deltakarar. Foto: Anne Karin Skjær.
VELLUKKA: Knøtteturneringa i Lærdal vart eit vellukka arrangement, meinte både arrangørar og deltakarar. Foto: Anne Karin Skjær.

Vellukka knøtteturnering i Lærdal

Arrangørane og deltakarane var godt nøgde med knøtteturneringa som blei arrangert i Lærdal søndag. 

  • Endret

Heile 47 lag frå Lærdal, Øvre Årdal, Årdalstangen og Aurland kom for å konkurrere på grasmatta på Øyri.

Det vart ein fin dag for unge og eldre, med god konkurranseånd, engasjerte tilskodarar og flinke fotballspelarar på alle laga.

Laga som deltok på turneringa var i aldersgruppa 6 til 10 år, og det var jamnt fordelt mellom gute- og jentelag. Kampane var organisert på seks baner, og alle laga spelte fleire kampar innan si gruppe.

Både spelarane og dei vaksne var nøgde med dagen då premieutdelinga tok til, og arrangørane såg tilbake på eit vellukka arrangement.

– Det har gått veldig bra i dag, seier Robert Elgåen, hovudarrangøren for turneringa, til Porten.no.

Artikkelen held fram under biletet.

NØGD: Arrangøransvarleg Robert Elgåen var nøgd med korleis knøtteturneringa i Lærdal gjekk.
NØGD: Arrangøransvarleg Robert Elgåen var nøgd med korleis knøtteturneringa i Lærdal gjekk.

– Alt var bra tilrettelagt, og dugnadsånden har vore stor blant foreldre og frivillige. Me fekk utnytta grasmatta utan å bruke kunstgraset, men det var framleis god plass til å bevege seg rundt og mellom banene, noko som gjer det lettare for tilskodarane å finne seg til rette.

– Samstundes var me heldige med vêret, så trivselsfaktoren har vore høg på stadion i dag, fortel han.

Fokus på fair play

Det er lett å late seg rive med når ein er på idrettsarrangement, og til og med på knøttenivå er konkurranseånda sterk både blant foreldre, trenarar og ikkje minst hjå spelarane som deltek.

Artikkelen held fram under biletet.

HANDHELSTE: Deltakarane viste fair play på knøtteturneringa i Lærdal.
HANDHELSTE: Deltakarane viste fair play på knøtteturneringa i Lærdal.

Turneringa på søndag var eit svært vellukka arrangement, og stemninga haldt seg positiv både på og utanfor bana trass i at ikkje alle kan vinna heile tida.

Sportsånda var god både hjå spelarane og trenarane, og alle laga praktiserte fair play då dei handhelste før og etter kampen sjølv om det enda med tap.

– Det er ofte slik at når ein arrangerer slike turneringar, så er det nokon som vert frustrerte, seier Robert Haugen som er medarrangør og dommaransvarleg under turneringa.

– Kanskje det er ein trenar eller foreldre som er ueinige med ein dommaravgjerdelse, eller nokre spelarar som vert ufine med kvarandre under ein kamp og byrjar å krangle eller kjefte, noko som øydelegger for fleire, ikkje minst ungane som deltek.

– I dag har me faktisk opplevd særs lite av dette, og på turane eg har tatt meg rundt på området har eg fått inntrykk av at både foreldre og spelarane kosar seg. Det har rett og slett vore god stemning, noko eg er veldig takknemleg og glad for.

Fekk pes frå onkel

Når klubbar frå små og nærliggande bygder møtes på slike turneringar, er det ofte ein kjenner dei ein speler mot, anten gjennom skule, venskap eller slektsband.

Dette var spesielt tilfelle for deltakarane frå Årdal, då dei stiller med lag frå klubbane på begge sider av Årdalsvatnet. 

To karar som opplevde dette var Jotun-spelaren Aron Nikolai Tunes, som møtte den eitt år eldre onkelen sin Stian Langeteig, som spelar for ÅTIL. Sigeren var det ÅTIL som stakk av med, men Aron tok ikkje det så tungt.

Artikkelen held fram under biletet.

POKAL: Deltakarane fekk utdelt pokal etterpå som eit prov på god innsats og at alle er vinnarar.
POKAL: Deltakarane fekk utdelt pokal etterpå som eit prov på god innsats og at alle er vinnarar.

– Dei vann fordi me hadde nokre spelarar som ikkje var så gode, men me har spelt mange kampar i dag og har hatt det kjempegøy likevel, seier han smilande medan onkelen står ved sidan av han og tergar. 

Mellom seg spelte dei heile sju kampar i laupet av turneringa, og det kjenner ein naturlegvis på kroppen. Då hjelper det å få utdelt ein pokal som prov på god innsats etterpå.

Til toppen