VELLYKKA TUR: Det var ein nøgd gjeng som gjekk Årdal Turlag sin "grauttur" frå Trondteigen til Avdalen. Foto: Årdal Turlag
VELLYKKA TUR: Det var ein nøgd gjeng som gjekk Årdal Turlag sin "grauttur" frå Trondteigen til Avdalen. Foto: Årdal Turlag

Vellykka "grauttur" med Årdal Turlag

Med flott vêr og fantastisk utsikt fekk deltakarane på årets "grauttur" ei oppleving dei seint vil gløyme.

Tradisjon tru arrangerte Årdal Turlag sin årlege «Grauttur» laurdag i samband med Fjøsblues i Avdalen.

– Flott vêr og fantastisk utsikt bidrog til at me fekk ein svært fin tur, fortel Kristin Hestetun frå Årdal Turlag.

Artikkelen held fram under biletet.

FLOTT UTSIKT: På vegen frå Trondteigen til Bergastølen kunne deltakarane nyte utsikta i finvêret.
FLOTT UTSIKT: På vegen frå Trondteigen til Bergastølen kunne deltakarane nyte utsikta i finvêret.

Ny og tyngre rute

Med ei ny og tyngre rute vart det knytt ein del spenning til kor mange deltakarar turlaget ville få med seg i år. Men laurdag morgon var heile 21 personar fra både Årdal, Bergen, Solund og Førde klare til avgang frå Trondteigen i Utladalen.

– Me er veldig nøgd med at det vart såpass mange med, seier Hestetun.

Frå Trondteigen gjekk turen i motbakke og nesten 1000 meter stigning opp til tuftene på Bergastølen. På vegen hadde deltakarane flott utsikt mot Øvre Årdal, Utladalen, «1000-meteren» og vegen til Holsbru.

Måtte gå på snø

Følgjet møtte på snøen like før Bergastølen, og fekk ikkje jord under føtene att før dei kom ned til stølen i Gravdalen.

Men med fast og fin snø, samt spora til turleiar Anders Lindborg å gå i, bydde ikkje turen på større vanskar.

Flott utsikt

Turdeltakarane fekk god løn for slitet når dei omsider tok inn utsikta innover Gravdalen i det klare junivêret.

Artikkelen held fram under biletet.

GRAVDALEN: Turgåarane kryssar Gravdøla ved stølen i Gravdalen.
GRAVDALEN: Turgåarane kryssar Gravdøla ved stølen i Gravdalen.

Vel nede på stølen i Gravdalen tok følgjet seg ein kort pause, før dei fylgde stien vidare ned til Avdalen. Etter knappe 6 timar var turgåarane vel framme ved Avdal gard, der grauten og ein velfortjent kvil venta.

– Med kjekke turdeltakarar, strålande vêr og fantastisk utsikt vart dette ei flott oppleving, fortel Hestetun.

Til toppen