VELLYKKA: Nordfjella villreinutval er først ute med resultatet av årets minimumsteljing av villrein, som resulterte i 2093 dyr. Foto: Harald Skjerdal/villrein.no.
VELLYKKA: Nordfjella villreinutval er først ute med resultatet av årets minimumsteljing av villrein, som resulterte i 2093 dyr. Foto: Harald Skjerdal/villrein.no. (Foto: Arkiv)

Vellykka minimumsteljing i Nordfjella

Årets minimumsteljing resulterte i totalt 2093 dyr.

Lærdal: Nordfjella villreinutval er først ute med resultatet av vinterens minimumsteljing, som blei gjennomført med fly 11. februar, skriv Villrein.no.

Flotte vêr- og sporforhold gjorde sitt til at det var gode forhold for teljing.

– Fint vêr i heile området og to døgn sidan siste snøfall gir svært gode sportilhøve, seier sekretær Harald Skjerdal i teljerapporten.

Slike minimumsteljingar er viktige i villreinforvaltinga fordi resultatet legg klare føringar for korleis jaktkvotene skal fastsetjast.

– Målet med turen var å få oversikt over talet på dyr innan villreinområdet, men det vart i tillegg floge i området mellom Bergensbana og riksveg 7. Tre flokkar vart funne i dette området. 

Årets minimumsteljing resulterte i 2093 dyr. Etter tilsvarande teljing i fjor blei det sett sluttstrek ved 1954 dyr. 

Nordfjella er Noregs sjette største, og har tidlegare vore samanhengande med Hardangervidda før riksveg og jernbane blei eit filter for utveksling av dyr mellom områda. Nordfjella inkluderer delar av Lærdal kommune. 

Til toppen