COUPÉFAMILIE: Det er baksete i Audi S5, men nokon familiebil er det ikkje. Til det er beinplassen bak for snau. For slike behov finst femdørsversjonen S5 Sportback. FOTO: Morten Abrahamsen / NTB tema.
COUPÉFAMILIE: Det er baksete i Audi S5, men nokon familiebil er det ikkje. Til det er beinplassen bak for snau. For slike behov finst femdørsversjonen S5 Sportback. FOTO: Morten Abrahamsen / NTB tema.

Veloppdragen godlyd

Nye Audi A5 er ikkje like elegant som forgjengaren, men i topputgåva S5 kan ein nyte eit vakkert lydbilde til så lenge.

Det kan godt tenkjast at vi er på siste langsida til bilar som går på fossilt drivstoff, så då må vi nyte lyden frå ein V6-motor medan vi kan. Ein motor av denne arten byr gjerne på dei mest harmoniske og fine lydbileta av alle. Under panseret i Audis ferske topputgåve av A5-familien, S5, finn vi ein heilt ny V6-motor som tek denne tradisjonen vidare.

Den er svært stille når den piltar av garde på låge turtal, men opnar opp strupa når ein gir på. Då byr den omgivnadene på ein motorsopran som ikkje er like grov og bøllete som ein V8, men langt djupare og meir sofistikert enn det ein kan drøyme om å få frå ein firesylindra motor.

Artikkelen held fram under biletet.

LINJER: Den nye utgåva har meir markerte linjer enn førre utgåve som var glatt som eit såpestykke.
LINJER: Den nye utgåva har meir markerte linjer enn førre utgåve som var glatt som eit såpestykke.

Den nye A5-serien er bygd på den same plattforma som A4, men den er litt kortare. Coupé-versjonen, som testbilen, har sjølvsagt berre to dører. Den førre versjonen var ein veldig lekker bil. Dåverande designsjef i Audi, Walter de Silva, meiner det er den flottaste bilen han har designa. A5 følgjer i same spor, men no liknar den meir på A4, og kjennest ikkje like elegant som då den kom første gongen.  

Kontrollert

Innstegsmodellen til A5 er ei utgåve med 190 hestekrefters diesel og firehjulstrekk til 450.000 kroner. S5 er toppmodellen, med 354 hestekrefter og quattro-firehjulstrekk. Noko som kostar. Det er også ei seriøst rask maskin, null til hundre tek 4,7 sekund. Ein kan sette den opp i fleire nivå, og det blir svært stramt og hissig i den mest ekstreme settingen. Samtidig er det ikkje ein reindyrka sportsbil, den kastar på ein måte aldri slipset. Trass i den svært kraftige motoren, verkar bilen alltid streit og kontrollert. Den verkar å vere meir som ein GT-bil enn ein sportsbil. Det er nok også meininga. Audi har trass alt også TT.

Artikkelen held fram under biletet.

STERKARE: S5 har 21 hestekrefter meir enn forgjengaren og veg 60 kilo mindre.
STERKARE: S5 har 21 hestekrefter meir enn forgjengaren og veg 60 kilo mindre.

S5 følast ikkje like spretten som TT, men den har ein veldig ryddig måte å ta utfordringane på. Balansen kjennest svært god, og at den faktisk er det, fekk vi stadfesta på ein snøkledd parkeringsplass. Ein kan legge bilen i ein firehjulssladd og bli der til ein går tom for bensin. Styreeininga er presis og rask, den gir ikkje så mykje informasjon om underlaget, men er litt betre enn tidlegare. Dette i kombinasjon med firehjulstrekket og den gode balansen gjer at bilen tek svingar og utfordringar på ein avslappa måte.

God girkasse

Girkassen er av Tiptronic-typen, som gir raske skift både i manuelt og automatisk modus. Den er programmert slik at den set i verk rette skift også om ein ikkje vil styre det sjølv, den girar ikkje i ein sving eller før ein nærmar seg turtalssperra under akselerasjon. Men det er aller mest morosame å bruke spakane på rattet. Vi får også litt knatring frå eksosanlegget under giring, på ein dempa og elegant måte.

Artikkelen held fram under biletet.

STROKE: Det nye interiøret til Audi fungerer utmerkt og ser veldig bra ut. Det digitale dashbordet er eit nødvendig ekstrautstyr til 6600 kroner.
STROKE: Det nye interiøret til Audi fungerer utmerkt og ser veldig bra ut. Det digitale dashbordet er eit nødvendig ekstrautstyr til 6600 kroner.

Under testperioden var det til dels svært dårlege køyreforhold, med nullføre og mogleg is rundt neste sving. Dermed kan vi ikkje uttale oss om korleis S5 oppfører seg når den blir pressa hardt, det ville enda med at vi i staden kunne fortalt om kva for eit nivå av kollisjonssikkerheit bilen har. 

Prisnedgang

S5 verkar å vere ein langtursbil med meir enn nok hestekrefter, ein bil for dei lange vegane, og det er svært lett å finne seg til rette i kupeen. Der har ein Audis nye heildigitale dashbord som er suverent bra. Det same er seta og sjølve ergonomien. 

Artikkelen held fram under biletet.

A4: Frå byrjinga er den til forveksling lik A4.
A4: Frå byrjinga er den til forveksling lik A4.

Ein startpris på 782.000 kroner er mykje, og det blir endå meir når ein har fylt på med ekstrautstyr, men det er faktisk rundt 120.000 mindre enn førre S5. Som tidlegare verkar bilen å vere som ein sofistikert GT-bil, ein høgfarts-cruiser, og i det segmentet er den ikkje spesielt dyr. Truleg vil ein få mange av desse eigenskapane i dei rimelegare utgåvene også, men då går ein glipp av lyden frå den flotte motoren. Det er vanskeleg å sette ein prislapp på slike ting, men ein kan jo håpe at fleire finn det verdifullt, slik at vi ein gong iblant kan få gleda av å høyre ein S5 i full galopp.(©NPK)

Til toppen