FEKK UTDELT PRIS PÅ FYLKESTINGET: Under tysdagens fylkestingsmøte i Leikanger fekk Vemund Eldegard utlevert diplomet som provar at han er kåra til årets unge Gründer i Sogn og Fjordane.
FEKK UTDELT PRIS PÅ FYLKESTINGET: Under tysdagens fylkestingsmøte i Leikanger fekk Vemund Eldegard utlevert diplomet som provar at han er kåra til årets unge Gründer i Sogn og Fjordane. ( )

Vemund Eldegard vann gründerprisen for ungdom i Sogn og Fjordane

Frisørstova i Årdal gledar seg på Eldegard sine vegne. Sjølv var dei ein av dei aller fyrste som kjøpte inn produkta hans.

Årdal: – Eg er overvelda. Eg er veldig glad for å få so mykje støtte og verta sett pris på i fylket. Det er veldig kjekt, seier den 21 år gamle gründeren til Porten.no

Heilt tilbake i 2009 laga han det fyrste produktet, basert på ein formel han hadde kome fram til sjølv. Det var ei blanding av kaldpressa olje og ekstrakt av nypeolje eller vitamin E. 

Dei neste åra gav han produktet i gåve til slekt og vener, før han byrja med å selja det då han hadde byrja på vidaregåande skule i Førde.

Den dag i dag byggjer mange av produkta på den same formelen han kom opp med for åtte år sidan. 

– Det er eit produkt mange er glad i, fortel Eldegard. 

Heile produksjonen av kremane går føre seg i Førde, og skal halda fram med å gjera det, sjølv om Eldegard har god von om vidare vekst:

– Me ynskjer å få fleire større butikkar til å selja produkta våre, og vonleg få ein stor kjede til å ta inn produkta. Og so skal me selja aksjar for å få kapital til å setja i gong marknadsføringstiltak, seier han.

Elde-produkta populære i Årdal

– Eldegard er jo eit kjent namn her i Årdal. Me synest det er veldig kjekt at han har ætt i bygda, og kundane synest det er kjekt, fortel Andrea Heggheim i Frisørstova i Øvre Årdal.

Heggheim synest det er tøft at det er ein atterklang av årdalsetternamnet til den unge gründeren i produkta. 

FÅTT INN NY LADNING: Passande nok hadde Frisørstova fått tilsendt ein ny ladning Elde-produkt same dagen som Vemund Eldegard vann fylkesprisen for unge gründerar. I øskjene på bordet er det tre kremar i éi pakke, og i glasmonteren bak står endå fleire Elde-produkt på kvar hylle.
FÅTT INN NY LADNING: Passande nok hadde Frisørstova fått tilsendt ein ny ladning Elde-produkt same dagen som Vemund Eldegard vann fylkesprisen for unge gründerar. I øskjene på bordet er det tre kremar i éi pakke, og i glasmonteren bak står endå fleire Elde-produkt på kvar hylle. Bilde: Snorre Sandemose

– Elde høyrest flott ut, synest Heggheim.

Frisørstova var ein av dei fyrste som kjøpte inn produkta hans. Lokale butikkar og frisørsalongar gav Eldegard god draghjelp i starten av gründereventyret.

Harry Potter-stjerne blant dei som fall for produktet

I dag er 45 prosent av salet til utlandet. Skodespelaren Emma Watson, ho som spelar Hermine Grang i Harry Potter-filmane, er ei av dei som har fått opp augo for kremane.

Produkta er laga i Førde med naturlege og veganske råvarer.

– Eg vil takka Innovasjon Norge Sogn og Fjordane og Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane for å ha støtta meg. Sogn og Fjordane har vore eit veldig godt gründerfylke for meg, og eg trur det kan verta det for mange andre òg, sa Vemund Eldegard då han tok imot prisen.

Prisen er på 50 000 kroner. Juryen var sett saman av representantar frå Innovasjon Norge, NHO, fylkesmannen og fylkeskommunen i Sogn og Fjordane.

Til toppen