SATSAR: Vendela Rikstad er berre 21 år, men tek sats og startar opp frisørsalong på Årdalstangen. Foto: Truls Grane Sylvarnes. 
SATSAR: Vendela Rikstad er berre 21 år, men tek sats og startar opp frisørsalong på Årdalstangen. Foto: Truls Grane Sylvarnes. 

Vendela (21) tek sats og startar for seg sjølv

Vendela Rikstad er i ferd med å gjere seg klar. 1. november opnar ho dørene til sin nye frisørsalong. 

Årdalstangen: 21-åringen enda opp i Årdal etter at ho fann seg kjæraste herfrå, men trengte ein stad å jobbe. Akkurat i det tidsrommet lyste Årdal Utvikling etter nokon til å ta over frisørsalongen i Kaivegen på Årdalstangen. 

– Eg såg tilbodet og tenkte: Kvifor ikkje?

Etter å ha vore på intervju med Årdal Utvikling, har dei støtta ho og hjelpt ho i gang. 1. november startar det ho håpar vert ein bra frisørsalong.

– Eg har jobba tre år i Ramsvik Frisør, og der har eg også gått i læra. Eg er framleis ung, så det er noko heilt nytt å starte for seg sjølv, men eg må berre prøve, seier ho.

Artikkelen held fram under biletet.

MÅ PRØVE: Sjølv om ho er ung og det blir noko heilt nytt å starte for seg sjølv, meiner Rikstad at ho berre må prøve. 
MÅ PRØVE: Sjølv om ho er ung og det blir noko heilt nytt å starte for seg sjølv, meiner Rikstad at ho berre må prøve. 

– Spennande å starte for seg sjølv

Rikstad fortel at det er mykje som må gjerast, men tykkjer det er spennande å skulle drive for seg sjølv trass ung alder. 

– Eg satsar på at det går bra. Eg kjem frå ein salong med mykje kursing og opplæring. Eg håpar eg får vist folk kva eg kan og kva eg er god til, smiler ho. 

Det er ein del frisørsalongar i Årdal frå før, men det er ikkje noko ho tenkjer for mykje på.

– Det er sjølvsagt litt konkurranse, men eg er ny og har mykje kursing og er oppdatert på trendar og moter, så eg kjem med noko nytt.

Artikkelen held fram under biletet.

BRENN FOR FAGET: Rikstad fortel at ho brenn for faget og håpar ho får vist folk kva ho er god for. 
BRENN FOR FAGET: Rikstad fortel at ho brenn for faget og håpar ho får vist folk kva ho er god for. 

Brenn for faget

Ho legg til at ho brenn veldig for faget og at ho er glad i møte nye menneske. No gjenstår det altså å ønskje folk velkomne inn for å fikse sveisen.

– Telefonar og alt slik er ordna, så folk kan berre bestille time no, forsikrar ho.

Til toppen