Årdal: – Det var mange slake oppoverbakkar i denne løypa, so me måtte gå mykje dobbeldans, seier Oselie Henden.
Og dermed passa løypa på Seimsåsen i Årdal henne godt.
– Oselie er heilt rå på dobbeldans, seier Ane Brekke med ein smil.

Brekke sin fremste styrke i langrennssporet er når det kjem kraftigare bakkar imot.
– Eg likar betre padling og bratte oppoverbakkar, seier Brekke.
Ho syner kva det inneber å «padla» når du går langrenn, og forklarar at eine armen heng ned for kvart stavtak.
– So det er det som er styrkane dykkar, du er flink i padling og du i dobbeldans?
– Oselie er veldig flink nedover. Ho er god på å berre renne, seier Brekke.
Henden ler godt og seier at Brekke berre forsvann bak ho i nedoverbakkane. Brekke starta nemleg 30 sekund bak Henden, og tok innpå for kvar kilometer som gjekk. Men i nedoverbakkane klarte Henden å auka forspranget litt att. Men det var ikkje slik at Brekke hadde dårlegare glid.
– Eg trur det er berre det at eg er veldig pysete. Eg har litt slik Heidi Weng-stil nedetter bakkane, seier Brekke.
Henden, på si side, susar fryktlaus utfor dei brantaste bakkane, sjølv på slike tynne langrennski.

Allsidige jenter
Oselie Henden er skiskyttar, og ho har difor ikkje teke del i Skiforbundet Sogn og Fjordane (SFF) sin langrenncup før dette aller siste rennet for sesongen denne fine laurdagen på Seimsåsen.

– Av og til er det kjekt å gå langrenn, seier ho.
Men det er skiskyting ho satsar på, og snart er det NM i skiskyting for sekstenåringar, og der skal ho vera med.
– Eg satsar på fotball og på musikken òg.
Musikken har alt gjort Oselie Henden til eit kjent namn i Noreg. I haust vann ho melodi grand prix junior med songen Verda vår.
Ane Brekke satsar ikkje innan musikk, men i idretten driv også ho allsidig. Ho spring både terrenglaup og driv med landevegsspringing.
– Eigentleg var det springing eg dreiv med. Men so var det veldig kjekt med langrenn, og då vart det begge deler, seier Brekke.

Førebels ynskjer ho ikkje å satsa på berre ein av idrettane, fordi ho likar både springing og skilauping so godt.
Veninner takka vera vinteridretten
I målområdet står det to kvinner og deler ut toddi til skilauparane etter kvart som dei kjem i mål. Det er Monica Da Silva og Minna Strandheim.
– Du må fortelja at du akkurat kom blant dei topp 20 i NM, seier Da Silva til Brekke.
– Ja, nesten, eg tok 23. plassen i junior-NM, svarar då Brekke.
– Eg kom hit i dag fordi eg ville konkurrera mot Ane. Eg ville måla meg mot ho sidan ho gjekk so bra i NM, seier Henden.
– Var det difor du kom hit?, spør Brekke og ler.
– Ja, elles hadde eg ikkje køyrt fire timar hit, svarar Henden.

– Det var veldig bra at du kom, seier Brekke. – Kanskje du skal droppa skiskyting?, føreslår ho litt spøkefullt.
Men Brekke synest samstundes veninna er veldig flink i langrennssporet. Ho er jo to år yngre, satsar på skiskyting og fotball, og satsar på musikk attpåtil. Og likevel var ho berre drygt 20 sekund bak NM-deltakar Brekke i mål i langrennet på Seimsåsen.
Valde Seimsdalen framom Birkebeinaren
Rennet i Årdal laurdag var det siste av sju renn for sesongen i fylkescupen i langrenn. Idrettslaga Jotun og Årdalstangen fekk æra av å saman arrangera dette finalerennet for årets sesong.
Oselie Henden gjekk junior-birkebeinaren førre veka, og ho hadde fyrst tenkt at ho kanskje skulle gå Birken denne laurdagen.

– Det er aller fyrste gongen eg er med i langrennscupen, for vanlegvis er det samstundes som skiskytinga. Men i dag ville eg jo gå mot Ane, seier Henden.
Også Ane Brekke hadde lyst til å gå Birkebeinaren, men ho ville heller gå siste rennet i fylkescupen i langrenn i dag.
– Det er so fint med dei lokale renna at her møter eg folk eg kjenner frå Sogn og Fjordane skikrins. Og i dag er det finalen, det er litt stas å vera med på det. Me må ha fem renn for å fullføra sesongcupen, og eg mangla eitt renn, seier Brekke.