NY TUR: Først i november er det klart for ny tur til venskapsbyen Jeriko, tysdag kveld blir det halde informasjonsmøte på rådhuset i Lærdal. Her bilete av dans i "Laerdal park" i Jeriko under ein tidlegare tur. Privat foto.
NY TUR: Først i november er det klart for ny tur til venskapsbyen Jeriko, tysdag kveld blir det halde informasjonsmøte på rådhuset i Lærdal. Her bilete av dans i "Laerdal park" i Jeriko under ein tidlegare tur. Privat foto.

- Venskapstur er viktigare enn nokon gong

For tjue år sidan starta venskapssamarbeidet mellom Lærdal og Jeriko. Tysdag kveld er det informasjonsmøte om den trettande turen til den palestinske byen.

  • Endret

Lærdal: - Er det noko verda treng, så må det vera  venskap på tvers av land, i staden for å nøra opp under framandfrykt. I Jeriko bur kristne og muslimar side om side, det er ikkje noko problem. Me kjem i vanlege heimar og et med vanlege folk, ser korleis dei lever, seier Anna Jorunn Avdem.

Ho har vore primus motor for venskapsturane til Jeriko; i første del av november er det planlagt ny tur til den palestinske byen.

Dette blir den trettande turen i rekkja. Utgangspunktet var at turen skulle gå av stabelen no i vår, men grunna lite påmelding vart det utsett. Avdem meiner konseptet på ingen måte er oppbrukt etter tolv turar til Jeriko der i alt 154 sogningar har vitja byen.

- Nei, eg trur at laber påmelding var fordi det vart for kort frist. Me gjekk ut ved nyttår og skulle reisa i mars, no er me mykje tidlegare ute, så eg håpar me får ei høveleg gruppe å reisa ned med. 20-25 er veldig passeleg. Alle som har vore med på turane har kome att veldig entusiastiske.

Etterlyser rik onkel

Til no består lista av jerikofararar i november på sju-åtte personar, etter informasjonsmøtet tysdag kveld klokka 21 på rådhuset i Lærdal håpar Avdem lista er lengre.

- Eit slikt venskap kan ein berre til dels halda gåande med mailkorrespondanse og over Facebook, for at det skal vera eit levande venskap må ein treffa folk og kontaktar. Så me treng å ha med nokre "offisielle" reisande - mellom anna er ordføraren heilt fast bestemt på å vera med. Me ser gjerne at nokon blir med frå skulen også ettersom skulekontakten er viktig å følgja opp. 

Den største utfordringa for turkomiteen har vore finansiering; tidlegare har staten hatt ein pott gjennom NORAD der ein kunne søkja om midlar i samband med slike nord-sør-venskap.

- I fjor vart denne potten kutta brått og brutalt og ei viktig inntektskjelde forsvann. Til dømes lærarar som reiser i jobben må sponsast. Så me etterlyser ein rik onkel, seier Avdem.

Skal feira 20-årsjubileum for venskapsavtalen

På den andre sida er poenget med jerikoturane å gje lærdøler og sogningar flest høve til å vitja og oppleva venskapsbyen:

- Det er viktig med tanke på formidling og brei involvering at andre folk blir med på dette som ein ferietur der dei velgjer sjølve kor mykje av det offisielle programmet dei vil vera med på. Det er svært mykje bibelhistorie på plassane me vitjar, så eg trur eg kan lova ein heilt spesiell "sydenferie".

- Og det er viktig å få med ungdomar. Me ser ikkje berre fred og harmoni på desse turane, og det er viktig å sjå for å skjøna meir av verdsproblema. Me legg oss ikkje oppi konflikta i Midtausten, sjølvsagt - me ser og opplever. 

Turen er planlagt 2.  -10. november, og på proframmet står også utflukter til Jerusalem, Nasaret, Genesaretsjøen og Daudehavet.

- Eit høgdepunkt i programmet blir feiringa av 20-årsjubileet til vennskapsavtala mellom Jeriko og Lærdal, som vart underskriven i 1997. Me bur alle åtte nettene på Oasis Hotel i Jeriko - eit flott hotell med eit fantastisk badeanlegg, seier Avdem.

Ho strekar også under at folk som lurer på noko, men ikkje har høve til å koma på informasjonsmøtet tysdag kveld, berre må ta kontakt.

Til toppen