UFRIVILLIG ÅLEINE: Årdal kommune er ein av kommunane som har sagt ja til samanslåing, men som ikkje har nådd fram i forhandlingane med nabokommunane. No vil Venstre gi kommunar som Årdal ein trøystepremie. Foto: Truls Grane Sylvarnes (Arkiv). 
UFRIVILLIG ÅLEINE: Årdal kommune er ein av kommunane som har sagt ja til samanslåing, men som ikkje har nådd fram i forhandlingane med nabokommunane. No vil Venstre gi kommunar som Årdal ein trøystepremie. Foto: Truls Grane Sylvarnes (Arkiv). 

Venstre med milliontrøyst til avviste kommunar

Årdal står på lista over kommunar som Venstre vil gi pengar til fordi nabokommunane ikkje vil slå seg saman med dei. 

Årdal: Venstre vil gje 50 millionar kroner som godtgjering til rundt 30 kommunar som har sagt ja til samanslåing, men som har fått nei frå naboane. Forslaga er eitt av tiltaka i det alternative statsbudsjettet til Venstre.

– Det er nødvendig for å sikra gode tenester til folk i desse kommunane i 2017 medan ein ventar på endeleg vedtak om ny kommunestruktur, skriv kommunalpolitisk talsmann i Venstre André M. Skjelstad i ein e-post til Nationen.

Han meiner 50 millionar kroner er ei løysing for å sikra kvaliteten på tenestene i desse kommunane neste år.

Stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn fortel at det har kome mange tilbakemeldingar frå kommunar som kjenner seg urettferdig behandla og som risikerer kutt i inntektene – trass i at dei har stilt seg positive til å slå seg saman med andre.

– Når dei no hamnar i denne situasjonen og får eit inntektssystem som går mot dei, så meiner vi ut frå ei heilskapsvurdering at dei skal kompenserast for det, seier han.

Dei kommunane som vil slå seg saman med andre, men som har blitt avviste av naboen er: Sør-Fron, Ulstein, Marnardal, Gol, Årdal, Vågsøy, Sogndal, Eidsberg, Eid, Selje, Songdalen, Strand, Røros, Gjerstad, Birkenes, Farsund, Vestvågøy, Mandal, Eigersund, Tysvær, Vanylven, Surnadal, Grong, Sørum, Kvam, Dovre, Stord, Narvik, Skånland, Nord-Aurdal, Stryn, Fjaler og Levanger.

Fylkesmannen har likevel gått inn for at nokre av desse kommunane bør få slå seg saman med kommunar som har avvist dei. Dette gjeld til dømes Vågsøy og Sogndal i Sogn og Fjordane, skriv avisa. (©NPK)

Til toppen