Venstre om eigen politikk

Venstre om eigen politikk

Bli kjend med kva Årdal Venstre meiner er viktig for dei neste fire åra.

Alle partia som stiller liste i Årdal har fått sjansen til å fortelja kva dei meiner er viktigast inn mot valet. Det er ordførarkandidaten i kvart av partia som har svara på spørsmåla. 

Kva er den største utfordringa Årdal kommune står overfor dei neste fire åra?

Den største utfordringa er å få kontroll på økonomien, koma ut av Robek-lista og skaffa seg handlefridom til å gjera dei økonomiske prioriteringane som ein er nøydd til å gjera for å styrka oss framover. Framtida vil alltid bli annleis enn fortida, kanskje meir no enn nokon gong, og då er det viktig at me er rusta til å møta det. Den viktigaste utfordringa er å få kontroll på økonomien, koma ut av Robek og ha økonomisk handlefridom til å gjera dei naudsynte prioriteringane.

Kva vil ditt parti gjera med det?

Det er alltid utfordrande. Me har ingen politisk historie å visa til i konkrete saker. Det som er viktig for oss er at me har tru på at større mangfald og breidde vil gi betre og riktige løysingar for framtida, men ein må inn og sjå på budsjetta. Store delar av inntektene til kommunane er bundne. Det ein kan sjå på er dei frie midla og korleis ein disponerer det. Det må me gjera som ansvarleg parti, og skal ein sjå kva ein kan gjera, må ein sjå kva ein kan prioritera vekk. Det er klart at me har ikkje alle svara på det no. Då treng me tid til å gå inn i budsjettet og sjå på det, for det klart at det er mogleg i Årdal, på lik linja med andre plassar. Det er eg sikker på.

Kva vil ditt parti gjennomføra av investeringar?

Investeringar er noko du kan tillata deg når du har økonomisk handlefridom. Så i første omgang blir det å reetablera den økonomiske handlefridomen. Eg synest det er synd at me går frå vera i ein situasjon der me er ein ressurssterk kommune til å havna på Robek-lista. Då har me gjort noko som ikkje er riktig overfor folk flest si interesse. Me veit at det ligg store investeringsutfordringar innanfor helse og omsorg, innanfor skule, som ein blir nøydd til å ta stilling til den neste fireårsperioden. Det blir krevjande. Omstilling er tøft og vanskelig prioriteringar, men det må til. Men eg kan ikkje seia her no kva konkret me må gjera, men innanfor dei sektorane vil det vera store behov.

Kva vil ditt parti gjera for å sørgja for utvikling og busetting i alle bygdene i Årdal kommune?

For Årdal Venstre er det eit stort poeng at me må tenka heilskapleg utvikling og ta heile Årdal i bruk. Eit av dei verkemidla me har snakka om for å få fart på utvikling er at me må ta tak i dei områda der me har naturlege fortrinn for å utvikla oss. Der er me litt ulike i sentrumsområda. Det har vore mykje debatt rundt dette med handel og handelsflytting. Det er ein gong slik at det er ikkje politiske vedtak som avgjer om ein butikk etablerer seg på Tangen eller i Øvre. Det er det kundegrunnlag og marknaden som i stor grad bestemmer sjølv. Det eg saknar, og som eg skulle håpa det var meir fokus på i dei omstillingsprosessane me har vore inne i, er dette med å få statlege arbeidsplassar til Årdal, som gir eit breiare og tryggare grunnlag. Det er ei viktig sak for Årdal Venstre, og det kjem me til å jobba knallhardt for dersom me kjem i posisjon til å kunne vera med og bestemma noko slikt.

Kva meiner ditt parti om kommunereforma, kva alternativ passar Årdal best, og korleis stiller de dykk til folkerøysting?

I utgangspunktet meiner Venstre både nasjonalt og i Årdal at det må vera opp til kommunane sjølv å ta stilling til kva som er dei riktige løysingane. Det har me veldig tru på. Me trur i utgangspunktet at Sogn som region må utvikla seg. Utfordringa er at me må få fleire til å flytta til regionen vår og velja å satsa her. Det betyr at ein må ha mangfald både i arbeidsplassar og tilbod. Så er det forskjellig kva enkelte parti vel å framstilla det som. Reform er ikkje eit mål i seg sjølv, men er sannsynlegvis eit naudsynt tiltak for å rusta deg for framtida. Kva som er riktig for Årdal må me utgreia om. Det er viktig at ein tek den prosessen på alvor. Det mest nærliggande å tenka for vår del er sørsida av fjorden. Om det vil gi ein robust nok kommune er eg usikker på, men me må gå inn i dette med eit ope sinn og seia at me gjer dette for at me skal bli ein meir attraktive for at folk skal flytta hit. Reform betyr ikkje sentralisering av tenestetilbodet. Det må framleis vera slik at du skal utføra tilbodet der folk bur, men det er kanskje ikkje like farleg om du sentraliserer ein administrativ posisjon til dømes. Men ein må sjå på heilskapen, kva utfordringar ein står føre. 

Folkerøysting har me i Årdal Venstre ikkje teke noko klart standpunkt til. Og så er det slik at folk gir tillit gjennom stemmer, og me må kunne tillata oss å snakka på vegne av folk når me har fått den tilliten gjennom val. 

Korleis kan de som politikarar bidra til år rekruttera kompetanse til kommunen?

Det er jo det viktigaste me kan gjera. Slik Årdal Venstre ser det, er å leggja til rette for ei utvikling med interessante arbeidsplassar, gode tilbod på bustadsida og der me har gode skuletilbod og gode barnehagetilbod. Kvaliteten der er essensielt i Venstre. I dag har me for mange ungar per pedagogisk utdanna, det må me gjera noko med. Me har for mange elevar per fagutdanna lærar. Totalt sett må me bli attraktive som vertskommune, og det er det viktigaste for at me får folk til å søka til regionen vår. 

Korleis skal de få unge til å bli og andre til flytta til kommunen?

Dette er ei tosidig sak. Me går til val om å setja unge først, og det går i frå barnehagealder til dei er avgangselevar på vidaregåande skule. Det er viktig at me bygger vidare på det samarbeidet som er mellom næringsliv og skule. Å leggja til rette for gründerar slik at det skal bli lettare å skapa sin eigen arbeidsplass er ei viktig sak for Venstre. Skal me snu folketalsutviklinga, må me få fleire til å bli. Det betyr at det må leggjast til rette for at dei kan skapa sin eigen arbeidsplass her i Årdal før dei reiser. Slik sett gjer Sogn Opplæringskontor ein fantastisk jobb. Dei er kanskje ein av dei beste i landet når det gjeld kopling skule og næringsliv, men me må bli endå betre. Og så er det å leggja verkemiddel i botn som gjer at Tya og andre typar gründerar får det lettare å ta steget ut, og så må ein laga eit tryggleikssnett for dei som er villig til å ta risiko for å skapa noko for samfunnet. 

I Årdal er det tradisjon for to av alt; har kommunen råd til det og kor kan ein spara pengar?

For Årdal Venstre er det viktig å tenka heilskapleg når ein skal leggja til rette for utvikling. Det betyr større grad av samhandling og samarbeid.

For å seia noko om kvar det kan vera mogleg å spara, må ein fyrst definera kva behov ein har på kort og lang sikt. Årdal Venstre har ikkje hatt høve til ei heilskapleg handsaming av økonomi og handlingsplan, difor er det vanskeleg å vera veldig konkret på kvar det er mogleg gjennomføra innsparingar.

Kva kan ditt parti gjera for å bidra til å sikra industri og næringsliv i Årdal?

Det handlar om at me må fortsetta å jobba mot rammevilkår for industrien. Det er eit av dei felta det har vore jobba godt. Årdal Venstre er ikkje noko industrifiendtleg parti, snarare tvert imot. Det er viktig at me også utvikla industrien vår. Og så må me kanskje sjå på at den må dragast meir i retning av grøn vekst, at me satsar på næringar og industriar som har framtida føre seg. Det er jo spennande med Norsun. Det ser jo ut til at dei er på veg å koma gjennom denne første vanskelege perioden, at dei kan etablera seg og bli ei viktig brikke i næringsstrukturen i Årdal, men me treng fleire industriarbeidsplassar som går i retning av grøn vekst.

Kva vil ditt parti gjera for å sikra eit vidaregåande skuletilbod i Årdal?

Årdal Venstre og Sogn og Fjordane venstre går heilt klart til val at vil oppretthalde dagens skulestruktur. Det er me tydelege på. Det betyr at ein må jobba knallhardt for å sikra minimum det opplæringstilbodet som me har  på Årdal vidaregåande skule i dag. Så kan det godt henda at det tilbodet må endra seg litt for å vera tilpassa dei behova me har i dag og i framtida. Så det er ikkje noko som er statisk der heller, men det er viktig for Årdal Venstre å jobba beinhardt inn mot fylket for å sikra at den vidaregåande skulen består som eigen skule. Og det går me på val på, både på fylkesnivå og her lokalt.

Kva vil de gjera for dei eldre og menneske med spesielle behov?

Det er eit vanskeleg og ressurskrevjande område. Det som er viktig for Venstre er at du skal ha fridom til å kunne påverka i størst mogleg grad din eigen kvardag når du blir gamal, så du må ha ein omsorg med tilrettelegging som gjer at du i større grad enn i dag kan påverka din eigen framtid når du blir gamal. Det er viktig for oss.

Kva meiner ditt parti om satsinga på reiseliv og andre område for Årdals del?

Det tykkjer me er veldig positivt. Du har veldig gode døme innanfor reiselivsbransjen no. Klingenberg Hotell har jo etter ein vanskeleg periode verkeleg fått fart i aktiviteten sin og er kanskje meir robust enn nokon gong. Det kjem nye aktørar inn innanfor reiselivsbransjen. Ein kan nevna Utladalen Camping som frisk tilvekst. Gjort på riktig måte trur eg det er mogleg å skapa gode, trygge og fleire arbeidsplassar innanfor reiseliv enn det me har hatt før. Eg trur det ligg eit stort potensiale der. Me har frå fjorden til fjellet, via Utladalen, som på ein måte ikkje berre er lokale og nasjonale merkevarer, men internasjonale merkevarer. Satsar ein mot dei riktig kundegruppene, så trur eg det er eit enorm potensiale.

Kva kan de som politikarar gjera for å sikre busetjing og integrering av flyktingar? 

Me må ha eit opent sinn til det. Integrering er vansjeleg. Me har no nokre erfaringar med asylmottak. Me må vera positive til å ta vår del av ansvaret for å syta for at dei som treng hjelp, faktisk får det. 

Til toppen