LITE FISK: – Saka handlar ikkje berre om det marine miljøet i fjorden, men óg om reiseliv og potensialet for fisketurisme, meiner Venstre i Sogndal.
LITE FISK: – Saka handlar ikkje berre om det marine miljøet i fjorden, men óg om reiseliv og potensialet for fisketurisme, meiner Venstre i Sogndal.

MEININGAR

Venstre ønskjer ein plan for å få fisken tilbake i fjorden

– For mange år sidan var Sognefjorden eit velfylt matkammer for folk langs fjorden, skriv Jan Arild Rømmen i Sogndal Venstre.

Meiningar: Slik er det ikkje lenger, og me treng ein forvaltningsplan for å bygga opp fjordfiskbestandane.

Dette må me klara samtidig som me kan videreutvikla ei berekraftig reiselivsnæring i og rundt fjordsystemet.

VIL HA PLAN: Jan Arild Rømmen i Sogndal Venstre.

Ekspertar som Torbjørn Dale i Sognefjorden Vel meiner det kan vera fleire årsakar til nedangen i fangstane, som klimaeffektar, næringstilgang i havet eller overfiske. Ein ser at utbyggjinga av vasskraft fell saman med fangstnedgangen, og dei største vasskraftanlegga finn me nettopp i Indre Sogn.

Kompleks sak

Om vinteren blir det sleppt ut mange gonger meir vatn inst i fjordsystemet som før reguleringa, mens utsleppa om sommaren er halverte. Dette kan påverka miljøet i dei øvste 10-20 metrane i vassøyla, som endra saltinnhald og straumar.

Ein veit at egg av fjordtorsk i større grad blir vaska ut i ein «regulert fjord», og kanskje kan det same gjelda andre artar.

Endringane i vasskvaliteten kan óg skunda fram blomstringssyklusen til planteplanktonet, noko som vil påverka dyreplankton og andre artar i næringskjeda, heilt opp til sild, brisling og artar som beitar på desse.

Uheldig splitting

Kraftselskapa kunne endra vassføringa for å ta meir omsyn til fjordmiljøet, men etter kva eg forstår stoppar vasskraftregulantane sitt miljøansvar ved elveosen i fjorden.

Medan forvaltninga av elvane ligg til Miljø- og klimadepartementet, er forvaltninga av fiskebestandane i sjø lagt til Nærings- og fiskeridepartementet. Denne splittinga av forvaltningsansvaret gjer ikkje saka enklare.

Eg er kjent med at Sognefjorden Vel har påpeikt dette i høyringar, og det vart i tillegg teken opp direkte med klima- og miljøminster Ola Elvestuen (V) i eit temamøte med Sogndal og Luster Venstre før sommaren.

Bruk + vern = sant

Saka handlar ikkje berre om det marine miljøet i fjorden, men óg om reiseliv og potensialet for fisketurisme. Sogdal Venstre vil difor jobba vidare med saka. Me har tru på at det går an å kombinera bruk og vern.

Me heiar på Visit Sognefjord som jobbar med ein berekraftstrategi for turismen. Det kunne óg vore interessant å sjå nærare på det kommersielle fisket av brisling og på forvaltinga av sjøkrepsbestandane.

I Sogndal Venstre vil me jobba for at alle kommunane rundt Sognefjorden må gå saman for å ta vare på miljø og verdiskaping i og rundt Sognefjorden.

Til toppen