SJÅ TIL SOGNDAL: Desse damane vil kjempa for at Nortind vel Sogndal som lokaliserringsstad for ny høgfjellskule. Frå venstre: toppkandidat Trude Risnes i Sogndal Venstre og listetopp Gunhild Berge Stang i Vestland Venstre.
SJÅ TIL SOGNDAL: Desse damane vil kjempa for at Nortind vel Sogndal som lokaliserringsstad for ny høgfjellskule. Frå venstre: toppkandidat Trude Risnes i Sogndal Venstre og listetopp Gunhild Berge Stang i Vestland Venstre.

MEININGAR

Venstre vil jobba for høgfjellskule i Sogndal

Tre plassar er utpeikte som kandidatar, Venstre vil jobba for at høgfjellskulen hamnar i Sogndal.

Meiningar: Ei nasjonal skiguideutdanning og fagskuletilbod for tindevegleiarar lagt til Sogn og Fjordane, er midt i blinken.

Venstre vil jobbe for at fylkeskommunen løyver midlar og legg best mogeleg til rette for at Nortind vel Sogndal som lokaliseringsstad.

Les óg: Venstre: – Sogndal må stille opp for Vitensenteret

Etterspurd kompetanse

Natur- og opplevingsbasert reiseliv er i sterk vekst, ikkje minst her i Sogn og Fjordane. Etterspurnaden etter kvalifiserte skiguidar og tindevegleiarar aukar.

Med det breie utdanningsmiljøet i Sogndal og lange fjellsport-tradisjonar i regionen, bør Sogndal ha gode føresetnader for å verte lokaliseringsstad.

Nortind, foreininga for norske tindevegleiarar, har difor teke initiativ til å etablere eit eige fagskulestudium og ei skiguideutdanning. Fagskuletilbodet vil utdanne tindevegleiarar, slik Nortind gjer det i dag. På sikt kan også andre typar guidar bli utdanna gjennom fagskuletilbodet. 

Venstre meiner at Sogndal er ein svært god kandidat for ei slik etablering og vil jobbe for at fylkeskommunen løyver midlar og legg best mogeleg til rette.

Studietilbodet vil vere eit positivt bidrag til å utvikle naturbasert reiseliv og tilbod med høg kvalitet i heile regionen.

Kan verta ressurs næringslivet

Nortind peikar på tre aktuelle stader for etableringa: Sogndal, Åndalsnes og Hemsedal.

Med det breie utdanningsmiljøet i Sogndal og lange fjellsport-tradisjonar i regionen, bør Sogndal ha gode føresetnader for å verte lokaliseringsstad. Både Luster og Sogndal har aktive fjellsportmiljø og har dei siste åra hatt god vekst i bedrifter innanfor naturbasert reiseliv. 

Dette er ei viktig næring, med fin vekst av små, lokalt baserte verksemder. Eit fagskuletilbod i regionen vil gje desse verksemdene unik tilgang til dei best kvalifiserte folka som finst på feltet.

Kommunane i regionen støttar initiativet fullt ut, og Venstre vil no fremje saka for fylkestinget, og vidare i fellesnemnda for Vestland fylke. Vi vil ha høgfjellskulen til Sogndal!

Til toppen