RASSIKRING: Leiar for Nasjonal rassikringsgruppe, Åshild Kjelsnes, saknar lekkasjar om rassikring i Nasjonal Transportplan. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
RASSIKRING: Leiar for Nasjonal rassikringsgruppe, Åshild Kjelsnes, saknar lekkasjar om rassikring i Nasjonal Transportplan. Foto: Truls Grane Sylvarnes. (Foto: Truls Grane Sylvarnes)

Stortingsvalet 2017

Venstre: – Vil prioritere rassikring av vegane i fylket

– I ny nasjonal transportplan legg Venstre, Krf og regjeringspartia opp til at det vert løyvd 24 milliardar i rassikring i åra framover, seier Gunhild Berge Stang (V).

Årdal: Stang meiner mange i fylket lever i frykt på grunn av rasfarlege vegar og peikar på at eit endra klima fører til stadig oftare skred som øydelegg infrastruktur og set liv i fare.

– Difor må me parallelt med tiltak for å nå klimamåla prioritere klimatilpassing. Rassikring er blant dei viktigaste tiltaka for å tilpasse oss klimaendringane, seier ho.

PRIORITET: Gunhild Berge Stand seier rassikring vil vera ein prioritet for Venstre dei komande åra.
PRIORITET: Gunhild Berge Stand seier rassikring vil vera ein prioritet for Venstre dei komande åra. Foto: Jostein Vedvik

– Venstre har dei siste åra fått auka midlane til rassikring både av fylkesvegar og riksvegar i budsjettforhandlingar med regjeringa. I ny nasjonal transportplan legg Venstre, Krf og regjeringspartia opp til at det vert løyvd 24 milliardar i rassikring i åra framover. For Venstre er det viktig at rassikringsmidlar går til dei strekningane som hastar mest, og at dette ikkje er avhengig av fylkeskommunal medfinansiering.

Vil prioritere rassikring

Venstre sin andrekandidat til årets stortingsval viser til statistikk frå Statens vegvesen som syner at det er i Sogn og Fjordane det rasar mest.

– Venstre tok difor initiativ i fylkestinget i Sogn og Fjordane, til at fylkeskommunen i større grad må vurdere forskottering av planleggingsmidlar til rassikring. På denne måten kan me få starta arbeidet tidlegare på ein del strekningar. Me er glad for at resten av fylkestinget slutta seg til forslaget.

– I samferdslepolitikken set Venstre tryggleik først. Rassikring handlar om trygge skulevegar for ungane våre, for pendlarar og yrkessjåførar. Venstre vil stå på for at rassikring blir prioritert i åra framover.

Til toppen