MYKJE NEDBØR: I indre strok er det venta mellom 40- 60 millimeter regn torsdag.
MYKJE NEDBØR: I indre strok er det venta mellom 40- 60 millimeter regn torsdag. (Foto: Illustrasjonsfoto / Yr)

Venta store mengder regn torsdag

Nedbørsmengda vil vera verst i løpet av ettermiddagen og kvelden.

Indre Sogn: Det er venta mellom 40- og 60 millimeter regn torsdag, opplyser Meteorologisk institutt. Likevel ser det ut til at indre strok vil sleppa unna det aller verste.

– Stader vest for Indre Sogn vil nok få dei største nedbørsmengdene, men det vil koma ein god del nedbør der også. Enkelte stader kan det koma mykje meir òg, seier Mette Skjerdal, vakthavande meteorolog ved Meteorologisk institutt til Porten.no. 

Ho fortel at nedbørsmengda vil vera høgst utover ettermiddagen og kvelden: 

– Eg trur nok at den største nedbørsmengda kjem i kveld og kanskje tidleg på natta torsdag.Fredag vil det bli meir bygevêr og spreidd utover, seier Skjerdal.

Til toppen