VENTAR: Lensmann i Årdal fortel at dei ventar framleis på å få ei ny maje til Indre Sogn. Mangelen på nok bilar skapar utfordringar med logistikken, seier han. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes. 
VENTAR: Lensmann i Årdal fortel at dei ventar framleis på å få ei ny maje til Indre Sogn. Mangelen på nok bilar skapar utfordringar med logistikken, seier han. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes. 

Ventar framleis på ny maje

I løpet av 2016 får politiet i Indre Sogn truleg løyst bilproblemet sitt.

Årdal/Lærdal: Tilbake i oktober i fjor skreiv Porten.no om at mangelen på maje skapte ein del ekstra hovudbry for politiet i Indre Sogn. 

Ei maje er ein uniformert politibil med ei celle til å frakte krevjande passasjerar i, og i fjor havarerte Indre Sogn si maje. Det var NRK som først skreiv om saka.

Politiet i Indre Sogn fekk låne bil av både Sogn og Hordaland, men medan den første vart avskilta fordi han var i så dårleg forfatning, passerte ikkje den andre teknisk kontroll og vart sendt tilbake til Bergen.

Skal få låne Førde si maje

I tida etter har politiet operert med fire bilar, der den eine er sivil. Dette pregar nok arbeidsdagen til dei tilsette som gjerne må køyre til Lærdal for å låne bil.

– Me har framleis ikkje fått ei ny maje. Me ventar på at Førde skal få ei ny, og så skal me låne deira som ei mellomløysing. Deretter blir det lagt inn ei bestilling på ei ny maje for Indre Sogn i 2016, seier lensmann i Årdal, Magne Knudsen, men fortel at det ikkje er sett nokon dato for når ei ny maje er på plass.

Då Porten.no skreiv om dette tilbake i oktober, fortalte lensmannen at han var redd for å kome i klemma på grunn av den dårlege stoda i bilparken. 

Tar mykje tid

Førebels har dei ikkje kome i klemma, men han seier det er utfordringar på logistikk.

– Det tar mykje tid å flytte ein bil frå Aurland og Lærdal til Årdal for at me skal ha nok bilar i beredskap. Me brukar veldig mykje ekstra tid på det.

– No er me jo meir på vegen i uniformert bil, så på ein måte er me meir synlege, men me håpar me snart er ferdige med det fordi det tar mykje tid. I tillegg blir det brukt ein del private bilar mot køyregodtgjersle, fortel han.

Til toppen