BONDELAGSLEIAREN: Anders Felde.
BONDELAGSLEIAREN: Anders Felde. (Foto: Arkiv)

Ventar inntektsnedgang for bøndene

– Det er alarmerande for norsk landbruk, seier fylkesleiar i Bondelaget, Anders Felde.

Vestlandet: Det kjem fram i ei pressemelding.

Tala frå Budsjettnemda for jordbruket syner inntektsutviklinga i næringa. Denne utviklinga vert lagt til grunn for kvart jordbruksoppgjer.

Den ferske prognosen frå Budsjettnemda syner at jordbruket kan forvente ein berekna inntektsnedgang på 23.500 kr. per årsverk i 2019.

Andre grupper i samfunnet har ein berekna inntektsvekst i 2019 på kr. 18.200

– Overproduksjon, svak prisutvikling på maten vi produserer, auka kostnadar og tørkesommaren 2018 gjer at inntektene går ned, seier Felde.

Ser vi konkret på prognosane for inntekta i 2019 for Vestlandet så syner referansebruka innan mjølk ein auke i inntektene på ca. 10.000, medan ein ser ein nedgang på inntektene for sauebruka på ca. 5.000. Vestlandsbonden er blant dei som ligg lågast i inntekt, difor er det viktig at vi får gjort eit løft på inntektene.

Eit lyspunkt

– Gardsbruk som driv med frukt og bær har god inntektsutvikling, fortel Felde.

Budsjettnemda sine referansebruk syner ei forventa inntekt på 449.300 kr. Per årsverk i 2019, opp frå 384.600 kr. i 2017.

– For frukt og bær går det i pluss, og det er positivt. Vi produserer mykje bringebær her i fylket, og der er heller ikkje inntektsutviklinga god, men så presise er ikkje tala som vart lagt fram i dag.

Kva det eigentleg handlar om

– Jordbruksoppgjeret handlar om beredskapen for å forsyne den norske forbrukaren med mat, det handlar om matsikkerhet, det handlar om 50.000 arbeidsplassar i norsk næringsmiddelindustri og det handlar om eit landbruk som nyttar areal over heile landet.

– Inntekt er det viktigaste verkemiddelet for at norske bønder skal greie å levere dette i framtida. Gapet i inntekt mellom andre grupper og bøndene har auka i 2018, og det er avgjerande at vi no greier å snu utviklinga, held Felde fram.

Han seier òg at det er avgjerande at ein får verkemiddel til å regulere marknaden godt, slik at den kjem i balanse. Det er også naudsynt at politikarane prioriterer budsjettpengar for å løfte inntekta til norske bønder.

Bakgrunn:

  • Budsjettnemnda for jordbruket (BFJ) utarbeider årleg grunnlagsmateriale til jordbruksforhandlingane. Nemnda har som hovudoppgåve å legge fram materiale som kan danne grunnlag for vurdering av jordbruket si økonomiske stilling, først og fremst til bruk under dei årlege jordbruksoppgjera.
  • BJF legger fram Totalkalkylen som er eit totalregnskap og budsjett for jordbruket i Norge. I tillegg legg dei fram en oversikt over utviklinga for utvalde referansebruk, som består av rekneskapsresultat for eit utval av bruk i ulike områder, driftsform og storleik i Norge.
  • Jordbruksforhandlingane mellom jordbruket sine faglag (Norges Bondelag og Norsk Bonde og Småbrukarlag) og staten startar 29 april. Då legg jordbruket fram sitt krav.
Til toppen