PÅ VEG: Eit nedbørsfelt som kan gje mykje regn på kort tid er på veg inn mot Vestlandet. Den sterkaste nedbøren er venta kring klokka 18.
PÅ VEG: Eit nedbørsfelt som kan gje mykje regn på kort tid er på veg inn mot Vestlandet. Den sterkaste nedbøren er venta kring klokka 18. (Skjermbilde: Meteorologisk institutt/Yr.no)

Ventar intens nedbør og vind

Frå tysdag ettermiddag vert det store nedbørsmengder, særleg i Ytre delar av Sogn. Det kan komme kraftig vind i både Ytre og Indre delar av Sognefjorden både tysdag og onsdag.

Sogn: Tysdag ettermiddag og kveld er det venta både kraftig nedbør og mykje vind på Vestlandet. Den aller sterkaste vinden finn ein i Fjordane og på Sunnmøre, men også i Sogn vil den kunne merkast. 

– Det vil blåse opp i sørleg liten storm utsette stader. I tillegg vil det vere ganske intens nedbør i Sogn tysdag ettermiddag og kveld, fortel fortel vakthavande meteorolog i Meteorologisk institutt, Geir Ottar Fagerlid. 

Mest regn i Brekke

Alles mest nedbør kjem det truleg i Brekke. Det kan komme 30 til 50 millimeter i løpet av seks timar, ifølgje Fagerlid.

Den sterkaste nedbøren vil setje inn kring klokka 18 og gje seg kring klokka 21 i kveld. Etter det vert det bygevêr. 

Ventar kraftige vindkast

Det er særleg kysten og sørsida av Sognefjorden som vil merke vinden godt tysdag. Det vil blåse frå sørleg retning og vinden kjem difor ned frå fjella på sørsida av fjorden. Vinden vil merkast mindre på nordsida av fjorden, men på toppane der kan det også komme kast opp i 25–30 meter i sekundet, fortel Fagerlid. 

– På nordsida av fjorden vert det meir kastevindar, medan den jamne vinden vil merkast meir på kysten og sørsida, seier meteorologen. 

Held fram onsdag

Vinden er venta å halde fram onsdag. Då vil den merkast aller mest på nordsida av Sognefjorden, men også på sørsida, ifølgje Fagerlid. 

– Vinden vil då komme frå vest til sørvest og det vil vere vindkast godt opp på 20-talet. Seint på ettermiddagen og kvelden onsdag vil det kunne komme kast som vil vere oppe i farevarsel, seier Fagerlid. 

Til toppen