MYKJE NEDBØR: Laurdag ettermiddag kan det kome lokalt kraftige regnbyger i Sogn og Fjordane. Illustrasjonsfoto: Truls Grane Sylvarnes.
MYKJE NEDBØR: Laurdag ettermiddag kan det kome lokalt kraftige regnbyger i Sogn og Fjordane. Illustrasjonsfoto: Truls Grane Sylvarnes.

Ventar kraftige regnbyger

Det er sendt ut obs-varsel for Sogn og Fjordane.

Sogn: Meteorologisk institutt har sendt ut obs-varsel laurdag etter som det er venta kraftige regnbyger.

Fram til bygene kjem er det lokalt stor gras- og skogbrannfare etter ein periode med mykje varme og sol. 

Laurdag ettermiddag kan det koma lokalt kraftige regnbyger, kan hende med torevêr. I løpet av tre timar kan det koma mellom 20 og 30 millimeter med regn.

Det fører til fare for oversvømmingar og små jordskred eller flaumskred der bygene treff. Meteorologisk institutt ber folk om å sjekke vêrradar og oppdatert informasjon på yr.no og varsom.no.

Til toppen