SKADER: Måndag opna salet av alminneleg fyrverkeri. Førebels går salet trått, men seljaren ved fyrverkeriutsalet på Helsfyr i Oslo reknar med ein oppsving når nyttårsaftan nærmar seg. Foto: Wikipedia commons
SKADER: Måndag opna salet av alminneleg fyrverkeri. Førebels går salet trått, men seljaren ved fyrverkeriutsalet på Helsfyr i Oslo reknar med ein oppsving når nyttårsaftan nærmar seg. Foto: Wikipedia commons (Foto: Wikipedia commons)

Ventar like mange augeskadar i år som i fjor

Vernebrillene bør sitje pertentleg på nasen og edruskapen bør vere på plass hos den som skal skyte opp fyrverkeri når 2016 skal innviast med fargesprakande sprengstoff.

Måndag opna fyrverkerisalet og nordmenn vil truleg strøyme til for å handle fyrverkeri for millionar av kroner når nyåret skal feirast torsdag. Tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) viste at Noreg importerte 987 tonn fyrverkeri frå Kina i oktober og november i år, til ein verdi av nesten 21 millionar kroner.

Materielle skadar, brannar og personskadar har gått betydeleg ned sidan forbodet mot styrepinneraketter vart innført i 2008, men likevel fekk 16 personar moderate og alvorlege augeskadar etter oppskyting av rakettar på nyttårsaftan i fjor.

– Talet på alvorlege augeskadar har lege på rundt 16 tilfelle dei siste fem åra, og det kjem til å bli det same i år, seier overlege Nils Bull ved augeavdelinga ved Haukeland universitetssjukehus til NTB.

Som oftast er det bakkefyrverkeri eller batteria der fleire skot vert skotne opp etter tur som forårsakar augeskadar.

Flest menn skadd

Ved utgangen av 2014 påførte fleire nordmenn seg hornhinneskadar, skadar på netthinna, skadar på linser, brannskadar på augelokk og blødingar inni auget.

– I 90 prosent av tilfella er det menn og unge gutar som vert skadde. Dei få kvinnene som rammast er ofte tilskodarar som stod på feil stad til feil tid, seier Bull.

Overlegen meiner vanlege folk burde halde seg unna fyrverkeri på nyttårsaftan og i staden delta på fellesoppskytingar der kyndige pyroteknikarar står for fyrverkeriet.

– Eg er definitivt imot fyrverkeri, og har sett altfor mange skadar gjennom altfor mange år. Når kven som helst kan kjøpe kraftige batteri må det gå gale, og det kjem det til å gjere i år også, uttaler Bull.

Til liks med Bull ønskjer Norsk brannvernforening at alle som oppheld seg i nærleiken av fyrverkeri brukar vernebriller, som ofte forhindrar alvorlege augeskadar. Brannvernsforeininga har i 2015 opplevd ein auke i etterspurnaden etter brillene, som enten følgjer med gratis eller vert selde rimeleg hos forhandlarar.

Planlegging

Nedgangen i andre skadar knytt til fyrverkeri har i motsetning til talet på augeskadar gått ned med 73 prosent sidan forbodet vart innført for sju år sidan. Likevel anbefaler Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) festglade nordmenn å ta alle forholdsreglar når fyrverkeriet skal skytast opp.

– Først og fremst handlar det om å planleggje i god tid. Les bruksrettleiinga nøye, kontroller at fyrverkeriet ikkje er skadd, og sikre at fyrverkeriet står stødig i snøen, understrekar avdelingsdirektør i DSB, Torill Tandberg, til NTB.

Ho påpeiker at det også er viktig å bruke tennstavar ved oppskyting. Stavane er 25 centimeter lange og fungerer som ei forlenging av armen og handa. Dermed slepp forbrukaren å ha ein kroppsdel over fyrverkeriet når det vert tent.

– Ikkje prøv igjen

Mange fyrverkeriskadar kjem også av at fyrverkeri ikkje har fungert som det skulle når det først vart påtent, og seinare har eksplodert når nokon har prøvd å tenne det på nytt.

– Alkohol og fyrverkeri høyrer ikkje saman. Det er også viktig å aldri tenne på eit fyrverkeri som er defekt på nytt, seier Tandberg.

Lunta på utsida av fyrverkeriet brenn sakte, slik at alle skal komme seg på trygg avstand før oppskytinga. Inne i fyrverkeriet er det også ei hurtigbrennande lunte, som på tiandedels sekund får eksplosiva til å tenne. Viss du tenner ei halvbrent lunte, risikerer du å setje fyr på hurtiglunta samtidig, og fyrverkeriet kan eksplodere før du rekker å komme deg unna. Det kan gi store brann- og røykskadar. (©NPK)

Til toppen