Ventar med samanslåingspraten til etter utgreiing

Ventar med samanslåingspraten til etter utgreiing

Kommunereforma er eit høgaktuelt tema, men lite vil skje på den fronten før ei utgreeing i Sogn Regionråd er klar.

Kommunereforma blir meir og meir aktuell for kvar dag som går. Regjeringa har sett ein frist om at samanslåingane skal vera i gong innan 1. januar 2020. 

For kommunane i Indre Sogn ser det ut til at ein må vente til neste år før praten for alvor kjem i gong. 

– Status er at utgreiinga i Sogn Regionråd går sin gang. Der er det hyra inn eit konsulentfirma som skal jobba med å få fram data for kommunane i regionrådet. Framdriftsplanen der er at det skal vera eit felles formannskapsmøte i november 2015, og at ut på nyåret skal denne utgreiinga vera ferdig.

Avventar

Det sa ordførar i Årdal Arild Ingar Lægreid under eit ope møte om kommunereforma, der Knut Henning Grepstad var invitert til å snakke om samanslåingsprosessen.

Utgreiinga ordføraren snakkar om skal seia noko om forholda mellom kommunane i Sogn Regionråd, og kva som er mest teneleg i ein samanslåingsprosess. Før den er klar, avventar Årdal situasjonen.

Det er også signalet Lærdal kommune har gitt i denne prosessen. Det betyr at tida blir knapp for politikarane som skal ta stilling til kven dei ønskjer å slå seg saman med innan juni 2016. Då legg ein opp til eit vedtak i kommunestyret om kva ein gjer vidare.

Lærdal og Aurland

Lærdal er saman med Aurland dei to kommunane Årdal har signalisert at dei ønskjer å slå seg saman med. Desse tre kommunane har samarbeidd mykje opp gjennom åra og gjer det framleis.

– Eg tykkjer det er så tidleg i prosessen at me i grunnen ikkje har tenkt noko vidare anna enn at me har gjort det som kommunestyret beslutta. Eg har sendt e-post til ordførarane i Aurland og Lærdal, og etter det eg føler, så har eg fått ei tilbakemelding frå Lærdal om at dei ønskjer i grunnen å snakka med Årdal, men at dei vil venta til denne utgreiinga er klar. 

– Aurland nådde me ikkje så mykje fram med. Dei ønskjer i grunnen å vera eigen kommune viss dei kan, men det ønskjer vel dei fleste, seier Lægreid.

I 1995 vedtok Stortinget at alle endringar i kommunestrukturen skulle baserast på frivillige samanslåingar, men dette vedtaket er no endra slik at enkeltkommunar ikkje kan hindra endringar som er hensiktmessige ut frå regionale og nasjonale omsyn.

Ventar på Sogn Regionråd

Å vera tidleg ute i denne prosessen vil også gi økonomiske gevinstar. Regjeringa har nemleg innført fleire økonomiske verkemiddel, som enkelt sagt premierer kommunane som er tidleg ute, og som ender opp med eit stort folketal.

– Korleis denne reforma sklir fram vidare, veit ikkje eg, men reint personleg synest eg ikkje det er klart nok kva heilskapen om korleis Stortinget og regjeringa ser føre seg med denne reforma og kva ho skal botna ut i. 

– Eg har ikkje noko godt tips til kva resultatet blir, men me må vera med og jobba for det. For Årdal sin del ventar me i grunnen på det som skjer i Sogn Regionråd. Eg trur ikkje det skjer så mykje vidare før det er klart. 

Til toppen