STENGT: Stupetårnet i Årdalshallen har vore stengt av ei god stund. No er arbeidet ute på anbod og kommunen ventar på prislappen. Foto: Truls Grane Sylvarnes. 
STENGT: Stupetårnet i Årdalshallen har vore stengt av ei god stund. No er arbeidet ute på anbod og kommunen ventar på prislappen. Foto: Truls Grane Sylvarnes. 

Ventar på prislappen på stupetårnet

Prislappen vil avgjere kor fort ein får fiksa stupetårnet i Årdalshallen.

Årdal: «Den einaste moroa», som idrettskonsulent Arne Hovland sa til Porten.no for eit år sidan, har vore stengt ei god stund. 

Årsaka er rett og slett at 40 år med hoppe- og badeglade gjester har gjort sitt for at stupetårnet i Årdalshallen treng ei oppgradering. No kan det gå mot ei løysing.

– Me har hatt ein betongteknolog her som har bora ut prøvar og analysert desse. Han har sendt ei skildring på korleis dette kan utbetrast, og den skildringa har me no ute til entreprenørar for å få ein pris. Er det ein pris me kan leva med, er det mål få sett i gong arbeidet så fort som råd, fortel Hans Jørgen Røneid, som er seksjonsleiar på tekniske tenester i Årdal kommune.

Må kanskje vente til sommaren

Det er 3-meteren slitasjen har vore verst, og det skuldast først og fremst sklimatter. Dei har nemleg hindra vatnet i å trekkje skikkeleg ut. No er det meisla vekk ein del betong, og alt ligg til rette for utbetring.

Men prisen vil ha ein del å seie. For det er mogleg å fikse stupetårnet sjølv om bassenget er ope ved å stengje av og hindre at støv skapar eit dårleg miljø.

– Men viss meirkostnaden av å gjere det er ein vesentleg del av prisen, må ein sjå om det er meir fornuftig å vente til utesesongen startar. Det er ikkje ønskjeleg å stengje no om vinteren heller, seier han. 

Bassenget på Tangen skule opna

Det er ikkje berre i Årdalshallen bassengfasilitetar må utbetrast. Denne veka opna bassenget på Tangen skule att. Her har kommunen investert fleire hundre tusen i nytt ventilasjonsanlegg og utbetring av betongskader.

– Me var komen til eit punkt der anlegget, som var veldig gamalt, var byrja å skrante. Eit ventilasjonsanlegg i ein symjehall står i eit aggressivt miljø døgnet rundt og eldast fortare, forklarar Røneid, og seier anlegget var meir eller mindre «oppete». 

Dessutan er det fiksa ny flis og fuge i hallen. Det betyr at skulen igjen kan nytta bassenget til symjeopplæring.

– Frårådd å auke temperaturen

Men det er også private grupper som har ønskt å nytte seg av bassenget på kveldstid. Politisk har det blitt løfta fram moglegheita for babybading og gi eit tilbod til revmatikarar. Då må temperaturen aukast.

– Det har jo mangla nokre år. Dette er ein bygning frå 60-talet og er ikkje bygd til det føremålet. Å heva temperaturen nokre grader utgjer stor forskjell på inneklima og miljø, så me vert frårådd å gjera det. Med ein gong ein aukar temperaturen nokre grader, krev det så mykje meir av alle tekniske anlegg, seier Røneid. 

Til toppen