ARBEID: På fylkesveg 53 mellom Fodnes og Årdal skal det utførast vedlikehaldsarbeid i tunnelane. Arbeidet varar fram til fredag. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.
ARBEID: På fylkesveg 53 mellom Fodnes og Årdal skal det utførast vedlikehaldsarbeid i tunnelane. Arbeidet varar fram til fredag. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.

Ventetid mellom Årdal og Fodnes

Vedlikehaldsarbeid i tunnelane fører til venting.

Årdal: Skal du ferdast på vegen mellom Fodnes og Årdal i dag og dei neste dagane, må du bu deg på litt venting.

Statens vegvesen melder at det blir utført vedlikehaldsarbeid på tunnelane på strekninga.

Arbeidet starta tysdag og varar fram til fredag. Det er i perioden 07.00 til 22.00 arbeidet vert utført, og det kan gi venting på opptil 15 minutt. 

Til toppen