STOPP: Det blir kontinuerleg kolonnekøyring heile døgnet gjennom Frudalstunnelen. Foto: Statens vegvesen. 
STOPP: Det blir kontinuerleg kolonnekøyring heile døgnet gjennom Frudalstunnelen. Foto: Statens vegvesen. 

Ventetid på riksveg 5 

Trafikantar på riksveg 5 mellom Sogndal og Fjærland må frå måndag av rekne med noko ventetid ved Frudalstunnelen.

Sogndal: Det blir kontinuerleg kolonnekøyring heile døgnet, melder Statens vegvesen. 

På dagtid vil ventetida bli inntil 15 minutt. På natt vil ventetida bli noko lengre, inntil ein halv time.

Kolonnekøyringa startar måndag morgon, 23.mai, og vert avslutta fredag ettermiddag.

Installerer DAB/FM og nødnett

Arbeidet med å installere DAB/FM og nødnett i Frudalstunnelen går no mot slutten, men dei nye systema må testast.

Viktige delar av tryggleiksutrustinga i tunnelen vil vere vekke i denne perioden.

– Det blir kolonnekøyring gjennom heile tunnelen, heile døgnet. Dette gjer vi for å redusere risikoen for ei ulukke i tunnelen når viktig utstyr er ute av funksjon, forklarar byggeleiar Atle Johnny Rygg i Statens vegvesen.

Få meir informasjon på Statens vegvesen sine heimesider

Til toppen