Pang sa det! Sognefjord Kaffibrenneri har avholdt skipingsmøte, styremøte, skrive vedtekter, med meir.
Pang sa det! Sognefjord Kaffibrenneri har avholdt skipingsmøte, styremøte, skrive vedtekter, med meir.

«Ver framtidretta, bestill kaffien i dag»

Pang sa det! Sognefjord Kaffibrenneri har avholdt skipingsmøte, styremøte, skrive vedtekter, med meir.

  • Endret

Men du, eg har slått meg på ei ny trend. Eit medium som kombinerar både bilde og lyd, FILM!

Om du ikkje er ein av dei 7863 som har sett videoen på facebook, så får du høve til å sjå her:

Om det ikkje kom fram frå filmen - eg prøvar å hanke inn litt meir eigenkapital i selskapet. Eg sel kaffi, før den er produsert! 

Eg har vore i banken og imponert dei stort:

«Du har truleg satt ny rekord i å selje skinnet før bjørnen var skoten. Vi vil gjerne hjelpe deg med finansiering av utstyret du treng,» sa dei til meg.

Neida, det gjorde dei ikkje. Men eg håpar at dei seier det, neste gong eg er i banken.

Ring besta, ring tante, ring heile slekta!

Bestill kaffien i dag. Hent ut ferskbrent kaffi når du sjølv ønskjer, TRYKK HER!

Eg planlegg å avslutte salet den 26.05 – forsking viser at det er lurt å vere snar.

Alle som bidreg, får namnet sitt på trykk, ein eller annan plass. Kanskje på baksida av førehandssal-kaffipakken? Om du ikkje har motførestillingar såklart.

Eg avsluttar med å takke alle dykk som, snøggare enn reven, har vore inne og tinga kaffi.

PS! Som ein kvar moderne og framtidsretta bedrift, er vi no på Facebook!

Til toppen