Ver med på skapinga
meiningar
meiningar

Ver med på skapinga

Nytt år, nye moglegheiter.

KOMMENTAR: Det er blitt ein standardfrase. Det er eit nytt år i vente, og sjølv om det er litt klisjé, og sjølv om det du no kjem til å lese neppe vil vere særleg nytt for deg, så kan ein god bodskap aldri gjentakast for mange gonger.

Liten oppsummering først: For porten.no er me no inne i vårt tredje år etter at me fekk nye nettsider. Aldri har så mange lese nettavisa. Lesartalet har meir enn dobla seg, men aldri verda om eg er nøgd med det.

I sommar utvida me dekningsområdet vårt. No dekker me heile Indre Sogn, men me innser at me strekk ikkje til på alle område slik me gjere skulle. Til det er me framleis litt for små, men med di hjelp håpar eg at me sakte, men sikkert kan skrive om alt det du måtte interessere deg for. Så oppmodinga mi er: send oss tips! Det blir me alltid glad for. 

Me gjer det me kan for å fange aktuelle debattar, vere der det skjer og ikkje minst vere ei røyst for den som treng det. 

Stadig vekk let eg meg inspirere av andre journalistar og aviser. Eg trur folk av og til kan ta dette for gitt, at me i Noreg kan skrive og seie det me vil utan å verte straffa på ein eller annan måte for det.

På vegne av redaksjonen vil eg nytte høvet til å takke deg som dag inn og dag ut klikkar seg inn og les det me skriv. 

Eg vil også nytte høvet til å sende ut ein bodskap. Eg sit med ei snikande kjensle av at dristrikta er litt truga, på ein måte. Det er litt vanskeleg å setja ord på det, men uttrykk som robust, reform og sentralisering dukkar opp. Det same gjer fråflytting og synkande fødselstal. 

Distrikta har ei kjempeutfordring i å skape attraktive lokalsamfunn, og det er vel kanskje her mitt hjartesukk ligg. Eg let meg ofte frustrere over folk som til stadigheit klarar å hoste opp noko negativt ved kvar minste sak. For all del, flott å vere kritisk, men tenk deg litt om du som aldri vert nøgd. 

Er det noko kommunereforma har vist, så er det at dei fleste kommunane helst vil halde fram på sin eigen vesle haug og styre sitt og sine. Slik er det nok også for enkelte i nærings- og organisasjonslivet innad i desse kommunane.

Noko av det mest spennande med jobben min er å sjå samanhengar i samfunnet og prøve å sy dette saman slik at du skal forstå kvifor ting vert gjort slik og sånn. Er det noko eg ser potensiale på i nesten alle lokalsamfunn, så er det på samarbeidsfronten. 

Eg meiner organisasjonar, lag, bedrifter, kva det måtte vere, kan bli endå flinkare til å bruke kvarandre, tenke at «dersom han eller ho lykkast, så vil det mest truleg dryppe på meg», og motsett sjølvsagt. 

Ingenting er roseraudt, og det vil alltid vera dei som utnyttar sin posisjon i samfunnet, og då er det veldig fint, faktisk essensielt, at ein har pressa som har som jobb å passe på slike.

Tenk deg om eitt einaste sekund til, så er det fort du får eit nytt syn på saka. Ver med på å byggje attraktive miljø og samfunn som gjer at distrikta også i framtida vil stå sterkt og vere ei tydeleg røyst inn mot sentrale makter.

Eg har ikkje levd lenge nok til å seie om det blir færre eller fleire eldsjeler, men slik folk, som torer å stikke nasen fram og satse, må ein gi ein fair sjanse til å lykkast, for slike dukkar ikkje opp kvar dag.

Så skal me gjere alt me kan saman med andre aviser for å passe på at desse også følgjer spelereglane. 

Ta godt vare på kvarandre i året som kjem. 

Takk for det gamle.

Godt nyttår!

Truls Grane Sylvarnes
Ansvarleg redaktør

Til toppen