Sogndal: Etablerarkurset består av tre kveldssamlingar, og målgruppa er dei som ønskjer å starta eller vidareutvikla eiga verksemd. Den første utgåve av kursopplegget er lagd til Førde med tre kurskveldar no i juni, og dette er fullteikna. I oktober og november blir det arrangert tilsvarande kurskveldar i Sogndal.
Lågterskeltilbod
– Det er kjempekjekt å sjå at mange ønskjer å delta på etablerarkurs, for vi treng fleire menneske som tør å ta steget vidare og starte eiga verksemd. Dette kurset er eit lågterskeltilbod og du treng ikkje ha kome langt i prosessen for å delta, seier fylkesdirektør for næring og kultur, Jan Heggheim, om kurset som byggjer på prinsippet smidig oppstart.
Kurset gir ei praktisk tilnærming til det å starte eiga verksemd. Her får du hjelp til å utvikle ideen din og samtidig halde fokus på marknad og kundebehov. Deltakarane får tilbod om individuell oppfølging av ein erfaren kursleder. I tillegg vert det invitert inn andre ressurspersonar i kurssamanheng.
Opplegget er utarbeidd av fylkeskommunen og Innovasjon Noreg i samarbeid med kommunar, næringsselskap og Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane.
Informasjon om og påmelding til kurset i Sogndal finn du her.