Årdal: Det var på eit allmøte med dei tilsette i går, måndag, at leiinga i Norsun informerte om dei ambisiøse framtidsplanane, som førebels berre er på prosjektstadiet.

– Det er veldig stor etterspurnad i marknaden etter waferen vår. Då er det viktig at me veks saman med kundane våre. Det betyr at me må ha ei utviding som vil utgjera meir enn ei dobling av kapasiteten, seier fabrikksjef Steinar Talle til Porten.no.
Vurderer ny fabrikk
Han seier at tankane no må få tid til å modnast til ut i første halvår i 2018. Først når alle detaljane er på plass vil beslutninga om å investere bli tatt.
Første steg blir å utvide det eksisterande anlegget i Årdal ned mot fjorden. Der er Norsun allereie i dialog med Hydro om å få tilgang på areal. Neste steg blir å bygge ein ny fabrikk, kvar er enno ikkje bestemt. I tillegg vil dei få inn nytt utstyr slik at dei kan produsere meir på same areal.
Norsun har i dag 215 tilsette i Årdal. Kor mykje investeringane vil koste og kor mange fleire arbeidsplassar som kjem vil først bli klart når forprosjektet er ferdig.
– Det vil bli betydeleg fleire tilsette, nøyer Talle seg med å konstantere.

– Gledeleg dag
Ordførar Arild Ingar Lægreid i Årdal tek sjølvsagt svært godt imot utvidingsplanane.
– Dette har me berre venta på. Det å få til ei utviding av kapasiteten på Norsun er noko næringsapparatet i kommunen har jobba mot i lang tid, seier Lægreid.
Sjølv om detaljane i prosjektet ikkje er klare, er ordføraren klar på betydningen for årdalssamfunnet, dersom dei blir realiserte.
– Det er dette me jobbar for kvar dag, å utvikla arbeidsplassane me har og å skaffa nye. Dette er ein gledeleg dag og me skal gjera det me kan i lag med Norsun for at dette skal bli ein realitet, seier ordføraren.