BOKDAG: Forlaget Skald på Leikanger tar med seg verdas bokdag frå Barcelona til Leikanger. Søndag inviterer Åsta Urdal og forlaget bokormar til ope forlagshus. Foto: Privat.
BOKDAG: Forlaget Skald på Leikanger tar med seg verdas bokdag frå Barcelona til Leikanger. Søndag inviterer Åsta Urdal og forlaget bokormar til ope forlagshus. Foto: Privat.

Verdas bokdag til Sogn

Etter studieturen til bokdagen sin fødestad Barcelona for nokre sidan, hentar forlaget Skald no denne internasjonale merkedagen til Sogn og Hermansverk komande søndag.

Leikanger: Tradisjonelt vert dagen feira med hundrevis av gater og torg fylt opp med tusenvis av bøker. Sognaversjonen vert eit ope forlagshus og café på Gamlehotellet med kreativ verkstad, høgtlesing, verdspremiere, god mat og litterær prat.

– Der er tradisjonen å gi ei rose til jentene og ei bok til gutane, men slik kan me ikkje gjere det her, seier Åsta Urdal frå Skald.

– Me vil heller gi ein bukett av gode bokopplevingar til alle.

KUNSTNAR: Vilde Jensen Hjetland frå Balestrand kjem til Leikanger denne dagen.
KUNSTNAR: Vilde Jensen Hjetland frå Balestrand kjem til Leikanger denne dagen.

Tradisjonar tilbake til 1929

Tradisjonane i Spania går tilbake til 1929, men etter at dagen i 1995 vart ein offisiell FN-dag, vert han feira i meir enn hundre land over heile jorda. Det fins med andre ord mange måtar å feire dagen på. Forleggar Lars Nes har blant anna besøkt sjølve litteraturens tempel i Hanoi i Vietnam under bokdagen – ein heilagdom der unge studentar kjem for å feire bestått eksamen. 

Skald derimot, kjem til å fylle dagen med aktivitetar som passar bokormar i alle aldrar. Kunstnar Vilde Jensen Hjetland frå Balestrand freistar å gi nytt liv til kasserte bøker i ein kreativ verkstad der alle er velkomne.

– Eg får så mange fine bøker som skal kasserast, og det er så mykje potensiale i dei. Med litt fantasi, saks og lim kan me få historiene til å springe ut av bøkene, på nytt, denne gongen på ein fysisk måte. Kanskje klarar me å lage ein heil liten bokby?

JOYCE-TILHENGAR: Øystein Vidnes kjem for å samtale om James Joyce.
JOYCE-TILHENGAR: Øystein Vidnes kjem for å samtale om James Joyce.

Verdspremiere

I kjellaren på hotellet, på Café Herman, vert det mellom anna eventyrstund for dei små og bokslepp for dei litt eldre.

– Me lanserer det nyaste tilskotet i verdsklassikarserien vår «Dei døde» av James Joyce. Det er første gong ein tekst av Joyce vert utgitt på nynorsk, så det vert for ei verdspremiere å rekne når me får høyre smakebitar av denne, seier forlagssjef Simone Stibbe.

Til lanseringa møtes to lokale litteratar frå Leikanger. Forfattar og svoren Joyce-tilhengar Øystein Vidnes og forfattardebutant Lars Svisdal vil samtale om og rund James Joyce.

Til toppen