TRENG PENGAR: Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv har søkt to departement om ekstraordinær støtte på 6 millionar kroner til ein felles sauefjøs i Geiranger og eit kufjøs ved Nærøyfjorden.​ Foto: Wikipedia commons.
TRENG PENGAR: Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv har søkt to departement om ekstraordinær støtte på 6 millionar kroner til ein felles sauefjøs i Geiranger og eit kufjøs ved Nærøyfjorden.​ Foto: Wikipedia commons.

Verdsarvfjordane ber om 6 millionar kroner

Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv har søkt to departement om ekstraordinær støtte på 6 millionar kroner til ein felles sauefjøs i Geiranger og eit kufjøs ved Nærøyfjorden.

Aurland: Dei to fjøsa skal redde det som er igjen av husdyrhald i verdsarvbygdene og dermed bidra til at kulturlandskapet blir skøytt også i framtida. Stiftinga har på vegner av fire bønder i Flydalen i Geiranger og éin i Nærøydalen søkt Landbruks- og matdepartementet og Klima- og miljødepartementet om til saman 6 millionar kroner i investeringsstøtte i 2016.

– Dei få aktive bøndene som er att, ei samla reiselivsnæring og verdsarvapparatet lokalt ber no om hjelp frå storsamfunnet, om at fleire går saman for å dele på det tyngande ansvaret for å ta vare på verdsarven, heiter det i søknaden.

Søknadsbeløpet er fordelt på 4 millionar kroner til ein fellesfjøs for sau og geit i Geiranger og 2 millionar kroner til delfinansiering av eit nytt kufjøs i Nærøydalen. Frykta er at dei fem bøndene dette gjeld, elles kan blir tvinga til å leggje ned drifta.

Vidare bere stiftinga om at Vestnorsk fjordlandskap får 20 millionar kroner dei neste fire åra til investeringar på bruk i randsonene av verdsarvområdet, slik som det tradisjonsrike geitebruket på Herdalssetra i Norddal. Stiftinga foreslår at Fylkesmannen får ansvaret for å fordele pengane etter råd får dei kommunale landbruks- eller næringskontora.

Bakgrunnen for søknaden er besøket til landbruks- og matminister Jon Georg Dale i Stranda 16. april, der han fekk presentert tiltaksplanen for kulturlandskapet i verdsarvområda. Dale etterlyste da meir bakgrunnsstoff om tiltaket, og det har han no fått i form av ein fyldig søknad. (©NPK)

Til toppen