REDUSERA: Eitt av framlegga til tiltak er å redusera tal skipsanløp til eit makstal per dag eller veke. Arkivfoto
REDUSERA: Eitt av framlegga til tiltak er å redusera tal skipsanløp til eit makstal per dag eller veke. Arkivfoto

Verdsarvrådet vil ha strengare krav til utslepp i verdsarvfjordane

Rådet er svært nøgd med at det no er gjennomført ei kartlegging som gir grunnlag for ein fakta- og kunnskapsbasert diskusjon av tilhøva i verdsarvfjordane.

Aurland: Representantar for verdsarvrådet for Vestnorsk fjordlandskap hadde sist veke møte med Sjøfartsdirektoratet for gjennomgang og utdjuping av deira rapport «Utslipp til luft og sjø frå skipsfart i fjordområder med store cruisetrafikk».

– Kunnskapen her gjer det enklare å ta stilling til kva tiltak som bør iverksetjast, og difor er rapporten er eit godt grunnlag for å få på plass konkrete tiltak som kan betre forvaltinga av verdsarvfjordane, står det i ei pressemelding frå rådet. 

– Verdsarvrådet er elles svært godt nøgd med at Sjøfartsdirektoratet kjem med konkrete framlegg til tiltak for å redusere utslepp og negativ påverknad på miljøet i verdsarvfjordane. 

Framlegga er mange, mellom anna

  •  Berre løyve til bruk av drivstoff med lågt svovelinnehald, uavhengig av om skip har rensesystem (scrubber) eller ikkje. 
  •  Rapporteringskrav vert innført for alle skip som går inn verdsarvfjordane. 
  •  Redusere talet på skipsanløp totalt eller per dag/veke. 
  •  Fastsetjing av maksimale hastigheiter i definerte soner i fjordane for å halde forbruket av drivstoff og utslepp til eit minimum. 
  •  Forbod mot utslepp av gråvatn 
  •  Forbod mot utslepp av kloakk, ureinsa og reinsa. 

Meiner forvaltinga bør samlast i eitt organ

– Rådet ynskjer at flest mogleg av desse tiltaka vert sette i verk snarast mogleg. Samstundes er det viktig at alle tiltak vert føreseielege, og at næringa har rimeleg tid til omstilling. Det må likevel ikkje vere tvil om at vi må få ei meir berekraftig forvalting av verdsarvfjordane, og at det må setjast press for å få ei grønare utvikling. Verdsarvrådet minner om at fjordane våre står på UNESCOs verdsarvliste som eit av dei vakraste områda i verda. Då må ivaretakinga stå i stil med verdiane! 

Ein annan  del av arbeidet har vore å få kartlagt alle organa som har eit ansvar for forvaltinga av verdsarvfjordane. Verdsarvrådet har tidlegare peika på at forvaltinga er fragmentert og uoversikteleg, og dei saknar eit forvaltingsorgan med total oversikt og mynde til å iverksetje tiltak ut frå eit heilskapsperspektiv. 

På grunnlag av kartlegginga, skriv Sjøfartsdirektoratet at dei meiner forvaltinga av verdsarvområda hadde vore tent med at all forvalting vart samla i eitt organ med ei overordna avgjerdsmynde. 

– Verdsarvrådet helsar ei slik løysing velkomen, men understrekar at eit nytt forvaltingsregime minimum bør liggje på regionalt nivå, i alle høve fram til systemet er godt etablert. 

Rådet har høge forventingar til at vi vidare skal nærme oss statsparten sin ambisjon for verdsarvområda: «Norske verdsarvområde skal utviklast som fyrtårn for den beste praksisen innanfor natur- og kulturminneforvaltinga» (St.meld. 35).

– Verdsarvrådet forventar at Miljødirektoratet framover tek ei tydlegare rolle i denne saka, og at Klima og miljødepartementet tek ei leiande rolle for å få god framdrift. Vi må stå samla for å oppnå ei klar forbetring av forvaltinga av verdsarvfjordane, i tråd med ambisjonane hjå statsparten.

Til toppen