VERDSMANNEN-ORKESTERET: Her spelar Verdsmannen under årets Målrock. Vanlegvis tel gruppa fire medlemer, Ketil Torbjørnsen, onkelen hans frå Høyanger, og to andre årdøler. Men under årets Målrock og på Sogne-turneen denne veka tel bandet heile sju medlemer. I kveld kjem dei til Årdal.
VERDSMANNEN-ORKESTERET: Her spelar Verdsmannen under årets Målrock. Vanlegvis tel gruppa fire medlemer, Ketil Torbjørnsen, onkelen hans frå Høyanger, og to andre årdøler. Men under årets Målrock og på Sogne-turneen denne veka tel bandet heile sju medlemer. I kveld kjem dei til Årdal. (Bilde: Elin Hæreid)

Verdsmannen leverte so det gneistra i kulturhuset i Lærdal 

Konsertgjengar som var på kulturhuset i Lærdal, vart so oppglødd at ho ynskjer å sjå alt saman ein gong til i Årdal.

Lærdal: – Det var ein «høgdare», heile bandet ytte over all forventning, seier Ketil Torbjørnsen om fredagens konsert i Lærdal. 

Thorbjørnsen rosa òg publikum og lokalet:

– Det er eit framifrå lokale å halda konsert i, Lærdal kulturhus. Og for eit flott publikum som fylgjer ivrig med. Dei lyttar og vil deg vel. Det er ei fantastisk kjensle å spela for dei, seier Thorbjørnsen. 

Publikum som Porten.no har snakka med brukte store ord då dei skildra konserten:

– Han var berre heilt enorm, ein so fantastisk konsert er det lenge sidan eg har vore på. Det var berre heilt rått, eg kunne høyrt ein heil time til, fortel Liv Eldegard.

Ho fortel om kor dyktige Verdsmannen var, både frontfigur Ketil Thorbjørnsen og heile bandet med.

Eigentleg hadde mannen til Liv Eldegaard tenkt å gå ut på jakt fredags kvelden, men ho fekk stogga det:  

– «Nei takk», sa eg, «no skal me til Lærdal, når Verdsmannen kjem dit», sa altså Liv Eldegard til mannen Agnar.

–Han elskar jo også musikken, og var so glad for at han vart med, legg ho til. 

–Ikkje sit i eiga stove når det er konsert

Eldegard oppmodar indresogningar som har høve om å taka turen til kveldens Verdsmannen-konsert under Haustrock: 

– Ikkje sit bak fjernsynet når det er flotte konsertar. Gå ut i staden for å sitja i eiga stova, oppmodar ho folk om.

Sjølve vurderer ho og mannen å gå på laurdagskonserten i Årdal i tillegg til Lærdals-konserten fredagen, og det trass i gode jakttilhøve no.

– Eg har lyst til at me skal fara på konserten i Årdal òg. Det er mange musikarar som er flinke, men ikkje på same viset som Ketil Thorbjørnsen. Han har noko spesielt ved seg, det er noko ekstra med den karen, seier Liv Eldegard.

Ei anna kvinne som porten.no snakka med, seier seg samd i det: 

– Han gjev so utruleg mykje av seg sjølv, og han skapar ei slik stemning at publikum kjenner seg i same båt med musikarane under konserten, seier denne kvinna, og legg til at konserten var heilt fenomenal. 

Same storensemblet i kveld som i Lærdal 

– Me er eit band som har mykje krutt å gje, og i Lærdal var det heilt fantastisk bra, seier Thorbjørnsen.

– Er de klare for Haustrock i Årdal no då?

– Ja, no har me verkeleg spela oss varme, ler han.

Som nemnd i biletteksten øvst, so er det eit utvida Verdsmannen-band som har spela i Sogn denne veka, og som skal spela i Årdal laurdagen. Det er den same Verdsmannen-konstellasjonen som spela under årets Målrock.

Det var under Målrock at Karl Seglem, bluesgitarist Steinar Karlsen, og trekkspelar Tom Karslrud for fyrste gong spela i ein slik septett med Verdsmannen. Til dagleg fer dei tre virtuosane land og strand ikring og spelar.

– Med ein slik gjeng med fantastiske musikarar som me er, er det lite det skortar på. Det vert rett og slett ein magisk kveld på bakeriet, seier Thorbjørnsen. 

Til toppen