Lærdal/Førde: – Det er veldig kjekt at «Verdsmannen»-prosjektet vert verdsett slik, seier Ketil Thorbjørnsen.
Han er nominert til Luttprisen, og seier nominasjonen er ei fjør i hatten til heile bandet, og ikkje berre til han.
Thorbjørnsen tykkjer det er stas å verta nominert av fagfolk i NRK Sogn og Fjordane.
– Det er veldig kjekt at folk legg merke til det me gjer.
Kollega frå Verdsmannen er òg nominert
Laurdag føremiddag fer han inn til Førde for å vera med på utdelinga av Luttprisen. Med seg har han den ti år gamle dottera si. Dei skal sitja i salen og hyggja seg med musikk- og danseshowet, og venta i spaning på å høyra kven som er vinnaren av årets pris.
– Eg har ikkje nokre forventningar til å vinna. Men om so skulle skje, so hadde det jo vore fantastisk moro, og få både kunstverk og stipend. Eg trur ikkje det vert meg, men uansett vert det ein triveleg kveld. Og so skal det verta kjekt å møta andre musikarar i fylket. Eg gler meg.
Blant andre er Steinar Karlsen blant dei nominerte. Seinast i november turnerte Thorbjørnsen med Karlsen i Verdsmannen-prosjektet. Thorbjørnsen omtalar Karlsen som ein av Noregs beste bluesgitaristar og som ein surfegitarist, og seier det vert kjekt å sjå han att.
Ein gong håpar han på å spela under prisutdelinga
Sigrid Moldestad og Kjartan Lauritzen er andre nominerte, likevel skal dei stå på scena og spela under kvelden. Thorbjørnsen ser fram til å høyra på dei.
– Ein gong skulle det vera kjekt å spela under Luttpris-utdelinga sjølv, seier han.