SNART TERRENGSYKKELGUIDAR: Desse kandidatane har kome frå alle kantar av landet til Sogndal for å bli ein av dei fyrste terrengsykkelguidane i Noreg.
SNART TERRENGSYKKELGUIDAR: Desse kandidatane har kome frå alle kantar av landet til Sogndal for å bli ein av dei fyrste terrengsykkelguidane i Noreg. (Foto: Linda Watten)

Verdsnyheit i Sogndal - desse blir blant dei fyrste terrengsykkelguidane i landet

Terrengsykling i Noreg veks i stor fart. For å auka både produktkvalitet og bærekraft, er Noreg no i gong med lansering av den fyrste sertifiseringa for profesjonelle terrengsykkelguidar.

Sogndal: – Dette er nytt i Noreg, og ein heilt ny guidesertifisering, seier Rikke Westvig. Ho er guide i Sogn til vanleg og ein av tre instruktørar som held det heilt ferske kurset i Sogndal.  

GUIDE: Rikke Westvig har teke kurset internasjonalt og kan no lære vekk til andre. Foto: Privat

I Noreg er det nyleg blitt utvikla eit pensum som bygger opp til dei internasjonale kompetansekrava i EO-MTBing, ein felles europeisk standard. No er ei utdanning på tre nivå klar. Gjennom eit innhaldsrikt internasjonalt program, er det utdanna tre instruktørar som skal styre dei fyrste kandidatane gjennom same utdanninga.

– No skal eg ta med kandidatane på tur der dei skal læra guideteknikk, me skal sjå på sikkerhetsutstyr og prata saman om kva vurderingar me tek på turen og kva me opplever, seier Westvig. 

Tre ulike nivå 

– Det nederste nivåer er det me lærer vekk no. Dei to fyrste nivåa blir køyrd i gong i Noreg no, og det øverste internasjonale nivået kan du ta når du er blitt godkjend på det norske nivå 2. 

Ho og dei andre to tok sin eigen sertifisering innan den europeiske standarden, blant anna i Slovenia, Frankrike og Belgia, og er no i gong med å lære vekk det dei kan

– Akkurat no held me oss på bakken og innanfor enkle graderingar. På neste nivå går me meir mot teknikk og meir utfordrande terreng, og på det øverste nivået skal ein kunne trå til som guide på tvers av landegrenser og i alle typar terreng. 

Viktig å ha gode guidar å tilby gjester 

Ho meiener terrengsykkelguidar er viktig å kurse. 

– Det handlar både om å ferdast med omsyn til marka og andre brukarar, og å forstå at ein skal ha respekt og dialog med grunneigarar. Det er med på å gjeve meirverdi til gjestar som kjem, i tillegg til å kvalitetssikra at me i Noreg har gode guidar. Det er alltid godt å vite at guiden evnar å ta ei god risikovurdering.

Martin Buch Larsen er lærar ved Sogndal Folkehøgskule og deltek på det fyrste kurset.

– Dette er eg med på for å få yrkeskompetanse, som eg kan bruke til å løfte tilbodet på Folkehøgskulen. Me har ei linje som heiter sykkel og ski, og eg har tenkt å læra dette vidare til elevar ved den linja.

Han er veldig nøgd med å få eit sånt tilbod til bygda.

– Det er eit veldig bra tilbod og veldig tiltrengt i det norske terrengsykkelmiljøet, seier han. 

Avsluttar kurset med eksamen

UT PÅ TUR: Rikke Westwig orienterar om turen dei skal legge ut på til Stedjeberget. Foto: Linda Watten

Etter tre dagar er kurset ferdig. Då ventar ein eksamen på kandidatane. 

– Då skal dei planlegge og guide ein tur for oss instruktørane, der me evaluerer dei i etterkant. Det dei lærer desse dagane er viktig. Etter kurset blir dei Norsk MTB guide på level 1 og så kan dei gå vidare på level 2 og 3 seinare, som er den levelen me instruktørane har, seier Westvig. 

Til toppen