LIVE: Ketil Thorbjørnsen sjekka lyden torsdag føremiddag før han klokka 1945 spelar for 131 gjester på motekvelden - mellom anna vil han dra eit par låtar frå den nært føreståande oppfølgjaren til «Verdsmannen». Foto: Ole Ramshus Sælthun
LIVE: Ketil Thorbjørnsen sjekka lyden torsdag føremiddag før han klokka 1945 spelar for 131 gjester på motekvelden - mellom anna vil han dra eit par låtar frå den nært føreståande oppfølgjaren til «Verdsmannen». Foto: Ole Ramshus Sælthun

Verdspremiere under motekveld

Når 131 damer samlast til motekveld på Årdalssenteret får dei smakebitar frå Ketil Thorbjørnsen si nye plate med på kjøpet

Årdal: – Eg tenkte å spela eit par av låtane frå den nye plata mi som snart kjem. Dei blir ikkje heilt som dei til slutt skal høyra ut, men du kan vel seia det rett og slett blir verdspremiere, ja, seier musikar Ketil Thorbjørnsen.

Torsdag kveld skal mannen bak plata «Verdsmannen» nemleg spela for 131 gjester under motekvelden på Årdalssenteret. Senterleiar Yvonne Aga Romøren fortel musikkinslag under det populære, årvisse arrangementet er noko nytt.

– Me har halde motekveldar sidan senteret opna og stadig utvikla det. Første gong hadde me hundre plassar, i år var det altså 131 og etter me opna påmeldinga vart det fullt veldig kjapt. Eitt av dei nye innslaga i år er live-musikk.

– Skal vel trekkja dei litt opp før moteshowet

Rundt lunsjtider torsdag ljoma Thorbjørnsen si røyst og hans gitartonar over heile Årdalssenteret. Kundane og personalet rundt kassa på Coop Extra sa seg einige om at dette var eit fint innslag ein kald november føremiddag.

Det kunne høyrast ut som ein minikonsert, men eigentleg var det Thorbjørnsen som køyrde ein lydsjekk til kveldens opptreden.

– Det hadde vore eit litt seigt tidspunkt å halda konsert på, seier han.

– Folk på coopen sette i alle fall pris på det?

– Jau, eg har lurt på å køyra stunt med geriljakonsert - berre dukka opp, spela nokre låtar og forsvinna att. Kanskje følgja etter folk inn i butikken medan eg spelar. Og eg har jo berre tragiske songar, ler  Thorbjørnsen.

– Men i kveld får du jo eit stort publikum.

– Ja, eg skal vel trekkja dei litt opp før sjølve moteshowet.

Artikkelen held fram under biletet

GLER SEG: Senterleiar Yvonne Aga Romøren ser fram til motekvelden på Årdalssenteret torsdag kveld.
GLER SEG: Senterleiar Yvonne Aga Romøren ser fram til motekvelden på Årdalssenteret torsdag kveld.

– Slik me damer likar det

Dette er ein heilaften for gjestene med mat og velkomstdrink på Utla kafé og bar først, så går altså Thorbjørnsen på i 2.etasje klokka 1945. Deretter er det moteshow og butikkane held ope utover kvelden. 

– Under moteshowet blir siste nytt på motefronten og julekolleksjonane synt fram - showet gir inspirasjon, det er noko med å sjå kleda på folk. Det blir også utlodding av premiar i form av goodie-bagar, så skapar me enno litt meir liv, seier senterleiar Aga Romøren.

– Du gler deg?  

– Ja, det blir veldig moro - alle butikkane gler seg til dette. Her kan damene - ja, eg trur det så og seia berre er damer som kjem - ta med seg venninner, drikka litt vin, prata og handla. Slik me damer likar det, ler ho.

Til toppen