SKIHELG: Vêret har skapt utfordringar for skisporten så langt i vinter, men det ser ut til at alt går som planlagt før den store skihelga i Sogn. Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen (Arkiv). 
SKIHELG: Vêret har skapt utfordringar for skisporten så langt i vinter, men det ser ut til at alt går som planlagt før den store skihelga i Sogn. Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen (Arkiv). 

Vêrforholda har utfordra skisporten denne vinteren​

Førre helg måtte alle renn avlysast. Denne helga trur Yngve Thorsen i skikrinsen på ei strålande skihelg i Sogn.

Årdal: Det har mildt sagt vore opp og ned med vêrtilhøva denne vinteren. Vegen frå sol, kuldegrader og frostrøyk til sørpe, regn og plussgrader har vore kort.

Når ein då driv med ein idrett som i det minste krev snø, kan det by på utfordringar. Førre helg måtte alle renna i Sogn og Fjordane avlysast.

– Då tok vatnet oss rett og slett og finta oss ut i tolvte time, som igjen gjorde at me ikkje fekk avvikla. No har me fått lagt ein bra plan for denne helga, inkludert nokre flyttingar, seier Thorsen i Sogn og Fjordane Skikrins. 

Full skihelg i Sogn

Han fortel at fleire av skistadene i Indre Sogn har vore redninga denne vinteren – Heggmyrane på Hafslo på alpinsida og Hodlekve og Seimsåsen i Sogndal og Årdalstangen på langrennsida. 

Denne helga skal det avviklast renn alle desse stadene, der ein byrjar med KM i friteknikk i Hodlekve, held fram med sprint på Seimsåsen og avsluttar med klassisk i Hodlekve. Det er også alpincup på Hafslo.

– Me reknar med god deltaking på KM i langrenn. Det er meldt gode forhold og reknar med mange tette og spennande duellar i alle årsklassar. Eg trur det blir ei veldig fin helg, seier Thorsen.

Utfordrande for rekrutteringa

Vêret har naturlegvis mykje å seie når ein driv med skisport, som er ein utandørsidrett. Fleire av renna før jul vart heller ikkje avvikla. Ribberennet vart redda i siste time. Då er det ei mager trøyst at Vestlandet er ikkje i ei særstilling denne vinteren. 

– Det er klart dette er utfordrande med tanke på nyrekruttering og fråfallsproblematikk i aldersgruppa 13-16 år. Det er verre å drive på når det er mangelfulle snøforhold. I tillegg er det bekymringsfullt viss ein tenkjer på utvikling av løparar lokalt. Ein blir nøydd til å leggje ganske mykje i potten for å oppsøke snø, og dessutan er det kostnadsdrivande med meir reising, seier han.

– Skal ein teikne eit bilete, startar me eigentleg med begge henda på ryggen i rekrutteringssamanheng samanlikna med andre idrettar. Ein er avhengig av kulde, snø og ein ganske stor dugnadsinnsats for å få til ting. 

Latent i folkesjela

Men heldigvis er det slik at nordmenn er fødd med ski på beina. 

– På den andre sida ser me at interessa for skisport ligg latent i folkesjela. Når me har gode forhold, er det eit yrande folkeliv av både store og små. Det er faktisk veldig viktig å ta med seg.

Til toppen