LITE BEGEISTRA: Stein Vidar Nemeth (Sp) var mindre begeistra fore dei nye krinsgrensene. Foto: Ole Ramshus Sælthun
LITE BEGEISTRA: Stein Vidar Nemeth (Sp) var mindre begeistra fore dei nye krinsgrensene. Foto: Ole Ramshus Sælthun

– Verkar nesten som styrt avvikling av Borgund skule

Stein Vidar Nemeth (Sp) uttrykte frustrasjon over dei nye skulekrinsgrensene under torsdagens kommunestyremøte.

Lærdal: – Eg tykkjer det er synd når me skal leggja ned ein skule – og når ein då sit att med ein skule i kvar ende; at alle elevane frå den nedlagde skulen skal til ein av desse. Eg meiner krinsgrensene burde vore justert om lag som det andre alternativet, altså at begge skulane som er att får nye elevar, sa Nemeth.

I sist formannskapsmøte vart det klart at administrasjonen tilrår at alle borna på Ljøsne blir flytta ned på Lærdalsøyri skule frå hausten av.

Les også: Går inn for at alle elevane på Ljøsne blir flytta til Lærdalsøyri skule

– Me må tilpassa oss

Nemeth uttrykte at det kan bety det brenn eit blått lys for Borgund skule.

– For meg ser det ut nesten som ein styrt avvikling av skulen me har i eine enden.No hadde me hatt moglegheita til å fordela dette litt. Dei frå Trombesteinen har måtte opp til Ljøsne skule med ungane sine og ned att på jobb. Slik har det vore, me må tilpassa oss. Så eg tykkjer det er synd og at me bør ta det innover oss, men slik er det vel.

Han lurte også på kva som vil skje om det blir fullt på Lærdalsøyri skule:

– Eg tykkjer det er synd at me ikkje tilpassar dette så me hadde fått nokre fleire ungar der oppe. Eg tenkjer både på dei tilsette og ungane som er der frå før. Og det ingen har sagt; sei om fem år då, om det ikkje er plass til alle elevane på skulen her nede då. Kva gjer me? Byggjer på skulen her? 

Nemeth bad rådmann Alf Olsen jr. om å svara på dette. Rådmannen svara at det var eit politisk spørsmål og at ein måtte bestilla ei utgreiing om ein ønskja å sjå på alternativ her.

Då tok Jarle Offerdal (Ap) ordet:

– Skulebruksplanen hadde framskriving av barnetal, og det er ingenting som tyder på akutt behov for påbygging på Lærdalsøyri skule. Det er folketalsframskriving som ordføraren har sagt han ikkje likar fordi den er for defensiv, men det er no den me forheld oss til. Så eg trur ikkje frykten er stor.

– Forstår at alle vil ha ljøsningar hjå seg, for det er eit fint folkeferd

Annike Vanberg (SV) lurte på om det var fleire avklaringar rundt spørsmåla om kostbader ved skuleskyssen:

– Eg reknar kanskje med det kjem svar på spørsmåla som vart reiste i formannskapet. Kven skal betala midtskyss til dømes, me eller fylkeskommunen? 

– Sånn eg tolkar dette ligg det innannfor våre budsjettrammer, det er dei signala eg får frå tenesteleiar. Men om det betyr at fylkeskommunen eller me tek det, veit eg faktisk ikkje. Men i utgangspunktet trur eg det er me som tek den, svara Olsen jr.

Vanberg var ikkje heilt nøgd med svaret, og kom i same sleng med ei opplysing i høve frustrasjonen Nemeth utviste:

– Eg hadde venta at me fekk avklara svar på spørsmåla om skyss i dag. Eg hadde eit framlegg om at ein kunne tenkja annleis for borna som vart fødde i dag, men det vart ikkje teke med. Grunnen til at ein gjekk for alternativet med å flytta alle på Øyri var først og fremst fordi foreldre til skuleborn på Ljøsne i dag ønskja det slik.

Avslutningsvis uttrykte også Jens Reidar Ljøsne (Sp) frustrasjon, det gjaldt først og fremst at ikkje meir rundt neste skuleåra er avklart for ungane på Ljøsne sin del:

Artikkelen held fram under biletet

FRUSTRERT: Jens Reidar Ljøsne (Sp) uttrykte ein viss frustrasjon over at det framleis ikkje finst klinkande klare svar på alle spørsmål om mellom anna skuleskyss.
FRUSTRERT: Jens Reidar Ljøsne (Sp) uttrykte ein viss frustrasjon over at det framleis ikkje finst klinkande klare svar på alle spørsmål om mellom anna skuleskyss.

– Det er litt spennande å vera forelder på Ljøsne om dagen. For, ikkje veit me kva skule borna skal gå på, ikkje veit me kva veg bussen skal gå eller når den går. Så kjem søknadsfristen til mellom anna SFO før me veit kvar unge skal vera. Det er litt frustrerande, men eg forstår jo at alle vil ha ljøsningar hjå seg, for det er eit fint folkeferd. Men det viktigaste er å høyra foreldra og dei som er midt oppi dette.

I høve krinsgrensene vart vedtaket frå formannskapet ståande – alle elevar frå Ljøsne skal ned på Lærdalsøyri skule frå hausten av, men foreldre som vil ha borna sine på Borgund vil i praksis garantert få ha dei der.

Til toppen