MADE IN GAUPNE: Verdas beste fotballspelar får namnet sitt trykt på drakta i Gaupne i Luster. No blir avtalen global. Montasje: L.F.Salas: https://www.flickr.com/photos/lluis-sbd/15371268926/Avery Dennison NTP
MADE IN GAUPNE: Verdas beste fotballspelar får namnet sitt trykt på drakta i Gaupne i Luster. No blir avtalen global. Montasje: L.F.Salas: https://www.flickr.com/photos/lluis-sbd/15371268926/Avery Dennison NTP

Verksemda i Gaupne sikra ny gullkanta Barcelona-avtale – no er den global

Når Lionel Messi spring rundt på bana, er det med namnetrykk og nummer frå Gaupne. Det same skal òg fans frå heile verda dei neste fire åra.

Luster: – Me har hatt Barcelona i tre år allereie, men avtalen gjaldt berre for Spania og Portugal. Det er stort, men no vinn me heile verda som marknad, seier Tom Dyrdal, dagleg leiar i Averty Dennison NTP i Gaupne.

Avtalen vart offentleggjort før helga, og sikrar at verksemda har økonomisk tryggleik til å satsa på nye investeringar for framtida. Fram til 2020 skal lustringane levera trykka på dei lisensierte draktene til Barcelona, drakter som går ut til butikkar i heile verda. 

– Det er ein lukrativ og stor fotballavtale. Det er berre Real Madrid og Premier League-avtalen som er større i fotballverda, så det er ein kontrakt me verkeleg har hatt lyst på, seier Dyrdal.

Erobrar nye marknader

Deira største marknad er framleis arbeidstøy, men blir no trua av den velluka satsinga på sport.

NØGD: Dagleg leiar Tom Dyrdal seier dei har vekse seg store på sport dei siste åra, og har ingen planar om å stoppa.https://www.flickr.com/photos/lluis-sbd/15371268926/ Foto: Avery Dennison NTP

– Me har kome frå ingenting. Med denne kontrakten, og fleire som kjem utover hausten, så kjem me til å etablera oss som ein av dei største på sportstrykk. Det kjem til å verta meir fotball framover, seier Dyrdal.

Verksemda har rundt 150 tilsette. I fjor omsette dei for 154,5 millionar kroner, ny rekord for selskapet. Overskotet enda på 25 millionar før skatt.

I løpet av 2018 har dei planar om å investera mellom 30 og 50 millionar i nytt produksjonsutstyr, samt bruka 10 millionar på forsking og utvikling.

Framleis noko å strekka seg etter

Både Dyrdal og dei andre tilsette tykkjer det er stort at ein av dei største idrettsprofilane i verda, Lionel Messi, spring rundt med transfertrykk frå Gaupne. Å bli kopla til ei global merkevare som Barcelona betyr òg mykje.

– Når folk spør, seier me at me trykker merker til Barcelona og Messi. Då skjønar dei med ein gong. Det gjer at me med stoltheit kan forklara kva me jobbar med, seier Dyrdal.

Sjølv er Manchester United klubben han heiar på i utanlandsk fotball. Den kontrakten har ikkje verksemda inst i Sognefjorden vunne enno.

– Personleg har eg lyst på den, og det er òg ein stor kontrakt. Me kjem nok til å gå hardt etter han når me får sjansen, seier Dyrdal.

Til toppen