USEMJE: Lerum og Jatak meiner dei har for dårleg tilgang til brannvatn. Rådmannen i Sogndal er ikkje einig.
USEMJE: Lerum og Jatak meiner dei har for dårleg tilgang til brannvatn. Rådmannen i Sogndal er ikkje einig. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Verksemdene meiner det er for lite trykk i brannslangane – rådmannen ikkje einig

Det bryggar opp til ein brennheit debatt om sløkkevatn i Sogndal.

Kaupanger: I 2017 løyvde kommunestyret 7,5 million kroner for å betra forsyninga av vatn til brannsløkking på industrifeltet på Kaupanger. Den investeringa ønskjer rådmann Jostein Aanestad å setta på vent, til eventuell nybygging tilseier at det er behov for auka kapasitet.

– Utifrå dagens situasjon er kapasiteten god nok, seier han, og viser til ei kartlegging utført av kommunen.

Med der er han på kollisjonskurs med både brannsjefen og dei to største verksemdene på Kaupanger.

NY FABRIKK: I 2017 fortalte Jatak om fabrikkplanane til representantar frå Norges Bank. Dagleg leiar er Anders Bjærke (nummer to frå venstre) seier dei ikkje får nytta den nye elementfabrikken fullt ut før dei får betre tilgang til brannvatn. Foto: Halvor Farsund Storvik

– Eg må seia at eg er veldig overraska over at han dreg ein slik konklusjon, seier Anders Bjærke hos Jatak.

Klar tale frå brannsjefen

Den daglege leiaren seier dei har investert fleire hundre tusen i kraftigare sprinkelanlegg i den nybygde elementfabrikken, i påvente av at vassforsyninga skulle bli auka. Før det er på plass får dei ikkje lov til å utnytta fabrikken fullt ut.

– Dette er kommunen heilt innforstått med. Me hadde avtale på korleis me skulle tilpassa oss i starten, så skulle kommunen komma med meir vatn i 2018, seier Bjærke.

Lerum har òg gitt tilbakmelding til kommunen om at tilgangen på sløkkevatn er for dårleg. 

– Me er i dialog med kommunen og forventar at det blir ordna slik at det vert tilfredstillande for alle på feltet. Eg håpar at dei gjer det som trengst, for det er stor utvikling på feltet og fleire som kjem til å trenga det, seier dagleg leiar Trine Lerum Hjellhaug.

Dei to får støtte frå fagleg hald.

– Enkelt oppsummert, så er det for dårleg kapasitet på dei to hydrantane som er nærast Lerum, og sannsynlegvis skulle det ha vore fleire hydrantar, spesielt mot Jatak, seier brannsjef Vidar Trettenes i Sogn brann og redning.

Han seier begge hydrantane ved Lerum har under halvparten av kapasiteten på 50 liter i sekundet som er kravet.

NY FABRIKK: Jatak seier dei ikkje får utnytta den nye elementfabrikken fullt ut, før dei får betre kapasitet på brannvatnet. Foto: Halvor Farsund Storvik

Rådmannen vil diskutera saka med Jatak

På resten av hydrantane er det god kapasitet, og Trettenes seier at dei i ein naudsituasjon vil kunne kopla seg på dei relativt kjapt.

– Men det burde vore fleire for å dekka bygga betre, seier han.

Rådmann Aanestad seier dei skal gjera små justeringar hos Lerum, som dei håpar vil betra situasjonen der. Jatak vil kommunen invitera til eit møte på denne sida av somarferien for å diskutera saka.

Rådmannen minner om at alle verksemdene på industrifeltet har måtta dokumentera at dei har tilstrekkeleg gode løysingar for brannsløkking for å få byggjeløyve. Vidare understrekar han at kommunen sjølvsagt skal legga til rette for utvidingar og utbyggingar, når det blir naudsynt.  

– Kor vidt det er ei usemje her, det veit eg ikkje, seier rådmannen.

Det siste vil visa seg rimeleg snart. Allereie torsdag morgon er politikarane samla til kommunestyremøte. Spørsmålet rundt manglande brannvatn på Kaupanger er venta å bli blant dei heitast debatterte.

Til toppen