NØGD: Jon Tamnes, styreleiar for Bedriftsnettverket Kongevegen over Filefjell, var nøgd då den offisielle "opninga" av Kongevegen i august. Pressefoto
NØGD: Jon Tamnes, styreleiar for Bedriftsnettverket Kongevegen over Filefjell, var nøgd då den offisielle "opninga" av Kongevegen i august. Pressefoto

Verksemdene ved Kongevegen har auka omsetnaden med 15-30 prosent

– Sanden pensjonat har hatt sitt beste år i 2016, seier Jon Tamnes. 

Han er styreleiar for Bedriftsnettverket Kongevegen over Filefjell og medeigar i Sanden Pensjonat og Handel på Lærdalsøyri.

– Auken i sommar har vore 20-40 prosent per månad, held Tamnes fram. 

Bedriftsnettverket Kongevegen jobbar for at vegen skal bli eit kjend reisemål både hjå nasjonale og internasjonale aktørar. 14 verksemder er i dag medlemmar i nettverket. Desse har inngått forpliktande samarbeid over kommunegrensene.

Dei fleste verksemdene har auka omsetnaden mellom 15 og 30 prosent denne sesongen, går det fram av ei pressemelding frå nettverket.

– "Snakkis"

– Dei fleste besøkjande tek dagsturar på utvalgde strekningar, eller har opphald på 3-4 dagar der dei tek rundturar på Kongevegen og får med seg fleire av dei flotte strekningane, heiter det i pressemeldinga.

Auken i turisme rundt Kongevegen blir forklard med merksemda den har fått, mellom anna i samband med tildelinga av vegdirektørens ”Vakre vegars pris” i 2014, samt den offisielle opninga i august i år.

Les også: Historisk veg opna etter restaurering

– Kongevegen har vorte ein ”snakkis” og eit reisemål for fleire og fleire. Alle kan nytta Kongevegen, både små og store. Den er perfekt for deg som vil nyta det beste av norsk natur, kombinert med fjellvandring i historiske fotefar.

Vil ha med fleire

Ambisjonen for nettverket er å få med fleire verksemder som ligg langs vegen, på overordna plan å gjera «Kongevegen over Filefjell» til ein heilskapeleg turistattraksjon

– Dette skal igjen skapa gode vekstmoglegheiter for reiselivsverksemder, småskalaprodusentar og handelsverksemder tilknyt til Kongevegen.  

Sesongen 2016 har vore eit testår, nettverket evaluerer no erfaringane som er gjort i år, før planlegging av lanseringa sesongen 2017.

– Tilbakemeldingane så langt er svært positive, men me er i oppstartsfasen og ser heilt klart moglegheiter for betring og utvikling av tilbodet i åra som kjem.

Til toppen