REKORDPOTENSIALE: Med god fart inn i 2017 der ein ligg føre skjema i både elektrolysen og på karbon, forventar fabrikksjef Wenche Eldegard ny produksjonsrekord. Onsdag møtte ho og nytilsette Hydro Energi-sjef Johnny Bruheim innbyggjarane i Årdal, der dei fortalte om status og planar. Foto: Truls Grane Sylvarnes. 
REKORDPOTENSIALE: Med god fart inn i 2017 der ein ligg føre skjema i både elektrolysen og på karbon, forventar fabrikksjef Wenche Eldegard ny produksjonsrekord. Onsdag møtte ho og nytilsette Hydro Energi-sjef Johnny Bruheim innbyggjarane i Årdal, der dei fortalte om status og planar. Foto: Truls Grane Sylvarnes. 

Verkssjefen: – Me ser allereie at 2017 blir eit bra år​

Hydro Årdal ligg allereie føre skjema så langt i 2017. Med så god fart forventar vekssjefen nye produksjonsrekordar.

Årdal: «Større, grønare og betre» er slagordet alumiumsgiganten jobbar mot, og etter det som var eit sterkt år trass to straumutfall, går fabrikken i Årdal no for å setja endå ein ny rekord i 2017.

– 2015 var eit godt år, og i fjor hadde me to straumutfall som gjorde at produksjonen gjekk ned, men fordi me har ein organisasjon som jobbar så bra med forbetringar, kom me raskt tilbake på sporet. No har me veldig god fart inn i 2017 og ligg føre businessplan både på karbon og i elektrolysen. Difor ser me at dette blir eit bra år, seier Wenche Eldegard til Porten.no.

INFO: Wenche Eldegard fortalte om status for produksjon og framtidsplanar. 
INFO: Wenche Eldegard fortalte om status for produksjon og framtidsplanar. 

Onsdag kveld inviterte ho og den nye Hydro Energi-sjefen, Johnny Bruheim, til nabomøte i kulturhuset i Øvre Årdal. Rundt 60-70 møtte for å høyre kva dei to hadde å seie om status og framtidsplanar.

– Me hadde håpa på fleire, men trass dårleg vêr og konkurranse frå andre arrangement, så var det greitt. Dette er eit tilbod, og så får me sjå om me skal gjera det oftare, seier Eldegard.

– Tal tilsette vil gå ned

På møtet fekk dei oppmøtte mellom anna høyre om korleis Hydro jobbar med forbetringar og at det framleis er ein veg att å gå på dette området. Dei fekk ein status for dei ulike områda som elektrolysen, karbon og støyperia, og dei fekk ei innføring i korleis framtidas industri ser ut.

For Hydro sin del, går dei meir og meir over til at ting vert automatisert. Det har konsekvensar for bemanning, men ingen dramatikk, understrekar Eldegard. Ved utgangen av 2016 var det 543 tilsette i Årdal.

Artikkelen held fram under biletet.

AUTOMATISERING: Framtidas operatør vil jobbe på ein heilt annan måte enn dagens. Difor er det naturleg at tal tilsette i industrien vil gå ned.
AUTOMATISERING: Framtidas operatør vil jobbe på ein heilt annan måte enn dagens. Difor er det naturleg at tal tilsette i industrien vil gå ned.

– Me må forvente at tal tilsette går ned, men ikkje dramatisk. Det blir tatt med naturleg avgang og automatisering. Dette handlar om konkurranseevne, forklarar ho til Porten.no og seier framtida operatørar vil jobbe på ein heilt annan måte enn dagens. 

Fekk spørsmål framtida

Ikkje uventa kom det også spørsmål frå salen om Å3-tomta, modernisering og investeringar. I Årdal var mange skuffa då Hydro bestemte seg for å nytte teknologi utvikla her, og investere i Karmøy-piloten, men verkssjefen meiner årdølene skal vere stolte av at karbon er foretrekt leverandør av anodar til piloten. Før jul fekk karbon 40 millionar til å ruste opp.

– Folk er opptekne av det, og det er flott, men det er ikkje berre der me skal ha fokuset vårt. 

– Er det urettferdig for Hydro Årdal å skulle konkurrere mot andre meir moderne fabrikkar i Hydro-systemet?

Artikkelen held fram under biletet.

HALVFULLT: Rundt 60-70 nysgjerrige dukka opp på nabomøtet til Hydro Årdal, der informerte om status og planar for fabrikken i Årdal. 
HALVFULLT: Rundt 60-70 nysgjerrige dukka opp på nabomøtet til Hydro Årdal, der informerte om status og planar for fabrikken i Årdal. 

– Nei, den konkurransen må me tola, og me ser jo at på mange område er me fullt på høgde. Me må også konkurrera med oss sjølve og dei med same teknologi for å bli betre. Det er mykje å henta enno, legg ho til. 

Levert prøveprodukt til Ferrari

Og eit godt teikn på at ein lykkast med å omstille seg ser ein mellom anna i støyperiet, der dei no rettar seg meir mot bilindustrien. Produkta er faktisk så bra at dei har hatt prøveleveransar til Ferrari.

– Det synest eg er tøft for Ferrari er eit bevis på kvalitet. Det er overklassebilar, så å få vere med og kanskje levere meir til dei, er utruleg tøft.

Også på karbon skal det som nemnt investerast i ny teknologi. Kundar etterspør no større anodar. Difor jobbar Hydro i Årdal med prosjekt for å gjera omnane større slik at ein får meir tonnasje ut av dei. 

Håpar på meir fornying på karbon

– Prosjektet ligg klart og skal opp til godkjenning om ikkje så lenge. Det vil gi karbon ein produksjonsauke på 30 000 tonn utan fleire tilsette. Får me det gjennom, kan me levere storleiken kundane etterspør, og det vil bidra til å sikre arbeidsplassar.

Artikkelen held fram under biletet.

STØRRE: Kundane til Hydro ønskjer større anodar. No håpar Hydro Årdal å få godkjent eit prosjekt som betyr at ein kan utvide dagens omnar og få ut 30 000 tonn meir utan å tilsette fleire.
STØRRE: Kundane til Hydro ønskjer større anodar. No håpar Hydro Årdal å få godkjent eit prosjekt som betyr at ein kan utvide dagens omnar og få ut 30 000 tonn meir utan å tilsette fleire.

Det er nettopp på desse områda fabrikken i Årdal har potensiale til å skilje seg frå andre i Noreg.

– I Høyanger ønskjer dei no å ha tilbake anodane frå Årdal fordi dei «leverer universets beste», ifølgje dei. Dei har hatt Kina i eit år no, så me må bli så god på kvalitet at Hydro vert foretrekt hjå kundane. Då kan ikkje Hydro seie nei.

Til toppen