KONKURS: Selskapet S. Dahl Berge AS som driv verkstaden og bensinstasjonen på Årdalstangen har opna konkurs, fortel Jan Rømmen, som er bustyrar. Foto: Ole Ramshus Sælthun.
KONKURS: Selskapet S. Dahl Berge AS som driv verkstaden og bensinstasjonen på Årdalstangen har opna konkurs, fortel Jan Rømmen, som er bustyrar. Foto: Ole Ramshus Sælthun.

Verkstaden har gått konkurs

No vert det jobba for å få på plass nye eigarar.

Årdalstangen: Selskapet S. Dahl Berge AS, som driv verkstad og bensinstasjonen på Årdalstangen, har opna konkurs. Det fortel bustyrar Jan Rømmen i Advokatfirmaet Tollefsen. 

– Det er ingen dramatikk i konkursen, og det blir no jobba ganske intenst med å prøva å vidareføra selskapet med nye eigarar. Dette vert gjort i samråd med Indre Sogn Sparebank som har pant i selskapet, seier Rømmen til Porten.no.

Det er Michael Zerbst som er dagleg leiar i S. Dahl Berge. Årsaka til konkursen er ifølgje Rømmen høg gjeld over lengre tid som har gjort det vanskeleg å driva i pluss. 

Artikkelen held fram under biletet.

NYE EIGARAR: Det vert no jobba intenst for å få på plass nye eigarar, seier Rømmen. I mellomtida kan ein framleis fylle drivstoff. 
NYE EIGARAR: Det vert no jobba intenst for å få på plass nye eigarar, seier Rømmen. I mellomtida kan ein framleis fylle drivstoff. 

Framleis drivstoff å få

Det er verkstaden og butikken som no vert stengt. Det er framleis mogleg å fylle drivstoff viss ein nyttar bankkort.

– Det er håp om at verkstaden kan opna med nye eigarar så fort me kan. Det vert jobba for å berga arbeidsplassar slik at ein kan driva vidare. Det kan vere på plass innan to veker, seier Rømmen.

– For dei som har eit reperasjonsebehov, så ber me dei venta litt til me kan tilby verkstad så raskt me klarar. Dette er eit viktig servicetilbod i bygda.

Rømmen seier dei er i kontakt med nye personar, men vil ikkje seie noko om kven.

– Ingenting er avklart. 

Til toppen