Leikanger: Klokka 04.01 i natt melde politiet om at det brann i bygning på Stadheimsgarden på Leikanger. Naudetatane var då på veg mot staden.
Kvarteret seinare kom meldinga om at alle personar i bygninga var evakuerte. Huset var overtent og det blas mykje.

NRK melder at huset som brann ned er det verneverdige Nagelhuset, eit bustadhus som står på landbrukseigedomen på Njøs, tidlegare Statens forsøksstasjon. Ifølgje kommunen sin plan for kulturminne, er det eit karakteristisk våningshus som må takast vare på.
I 2012 vart ein søknad om å få riva huset avslått av kommunen fordi bygningen er i god stand og har stor kulturhistorisk verdi
Kulde og vind gjorde sløkkearbeidet vanskeleg.
– Det var utfordrande i starten på grunn av det store gnistregnet som stod fleire hundre meter innover mot sentrum av Hermansverk. Vi hadde folk ute for å sjå til at det ikkje tok fyr andre plassar. Vi var ei stund usikre, men vi har heldt det under kontroll, seier Vidar Trettenes, sjef for Sogn brann og redning til NRK.
